Fastelavn

Lagt til 22.02.2009. Arkivert under: Generelt

Fastelavn kjem frå det det middelnedertyske ordet vastel-avent, og blei brukt om kvelden før fasten. Fasten blei innleda med askeonsdag, som er onsdagen sju veker før påskedag. Derfor fell altså Fastelavn idag. Neste år vil Fastelavn vera 14. februar. Fasten starter dagen etter, så ein skulle vel frotse ifrå seg.

Fastelavn

Det har òg blitt særs vanlig å ha boller med krem denne dagen. Fastelavnsdagen blir nå til dags ofte forbundet med effektiv bolle-eting. Boller er stiligt. I anledningen blei det følgeleg konsumert ein god del boller med krem. Resultatet ser du på bildet over.

Du kan lese meir om FastelavnWikipedia.

Det tipses

Lagt til 20.02.2009. Arkivert under: Generelt

Glatt

Tenkte eg sko benytte anledningen til å dra litt casher inn på konto. Det gjekk bra denne gongen også. Eg er tilogmed sitert. Eg syns nå det heile er nokså komisk.

Såpeglatte veier – bt.no
http://www.bt.no/lokalt/hordaland/article796572.ece

Måtte ty til ekspressbussen

Lagt til 18.02.2009. Arkivert under: Generelt

Kolumbus
I går måtte eg ty til kollektiv transport til jobb. Eg hadde ikkje sjans i havet til å komme opp bakken i Hopsnesveien med bilen. Etter grovt rekna fire forsøk der eg prøvde alle mulige gir-, farts- og turtallskombinasjonar, måtte eg gi opp.  Dårlige utnappa pigg-piggdekk er egentlig ikkje å anbefale på glatta. For å være heilt på sikre sida sjekka eg opp i reglane, og fekk følgande svar frå Vegvesenet

Er mønsterdybden over 3 mm kan du nytte desse som vinterhjul i perioden frå 1. nov. til andre søndag etter påske. Visse alle pigger er tatt ut kan desse nyttast saman på eit køyretøy, men ikkje i lag med f.eks. piggdekk på eine akselen. Har du pigg på eit hjul må du ha pigg på alle.

Trur eg stiller meg litt skeptisk til at det der lovlig. Slepp i alle fall piggdekkavgift! Men da var det ekstra tøft at eg observerte et busstopp, og det bare et slarve venstrehands steinkast vekke. Jubel! Det viste seg at det gjekk ekspressbuss direkte til Birkelandskrysset. Det var følgeleg til Birkelandskrysset eg skulle. Kollektivfelt tut og kjør. Etter ca 15 minutt på bussen var eg framme. Tilsvarande tur med bil i anti-kollektivfelt ville nok fort tatt 45min.


Måtte parkere bilen midt i bakken. Dette er når eg kom heim frå jobb og mesteparten av snøen har regna vekk. Me bur forresten i det der vakre bygget i venstre billedkant.


Vectraen stod godt her.


Piggdekk uten piggar. Stiligt!

Så moralen er vel kanskje at det faktisk er mulig å ta bussen? Eller?

Påsken 2009

Lagt til 15.02.2009. Arkivert under: Generelt

Eg lurer som regel alltid på når påsken fell. Her kjem ei lita oversikt over påsken 2009. Første påskedag kan komme på 35 forskjellige datoar. 22. mars er den tidligaste og 25 april er den seinaste. I fjor fekk me som kjent ein rekordtidlig påske. Når kan vi ta ut påskeferie i år?

Påsken 2009
Påskeegga fra Freia har allerede komt i butikkhyllene. Nam!

Oversikt over påsken 2009:

5. April – Palmesøndag
9. April – Skjærtorsdag
10. April – Langfredag
12. April – Påskedag
13. April – 2. Påskedag

Så om du vil har ferie heile påsken, kan det være smart å ta ut ferie 6, 7 og 8 april. Forklaring på kvifor påsken fell når det gjer finn du i posten eg skreiv om påsken 2007.

Nettverkslagring: Synology DS207

Lagt til 11.02.2009. Arkivert under: Teknologi

Gjekk til innkjøp av nettverkslagring her for ei lita tid tilbake. Eg kjøpte ein Synology DS207, samt to 1.5TB diskar. I tillegg til at prisen var heilt greit, har Synology fått svært god omtale rundt om kring. Den fine boksen har veldig mange muligheter, bl.a: webserver, filserver, itunes server, torrent, print server, php, mysql, backup, fotoalbum etc. Under kan sjå et par bilder av boksen. Installasjonen og oppsett gjekk smertefritt. Er så langt svært nøgd! Heilt til slutt ser du ei skisse over nettverket i Hopsnesveien.

Setter inn diskar

Enkelt og greitt å fyre inn to diskar. I tillegg til dei gamle eksterne diskane mine, er det nå 4.5TB lagringsplass i heimen. Det bør vel holde ei lita stund i alle fall.

Synology DS207 i hylla

Nå har boksen blitt hovedlagringsplass for Hopsnesveien, og all musikk, film og bilder blir fint fordelt rundt om i nettverket. Smelte nettopp sammen ei nettverksskisse. Sikkert for dei heilt spesielt interesserte, men her er den likevel:

Nettverksskisse

Anbefales!

Flaxlodd til salgs!

Lagt til 03.02.2009. Arkivert under: Generelt

Flaxlodd

Her har du ein unik sjanse til å vinne enten 25, 50, 500, 10000 eller 100000 kroner! Loddet selges latterlig billig, kun 5000 kr! Gi bud.