Arkiv for September, 2008
Randaberg sesongen 08/09
Så fort det går i orden med jobb, vil eg i den næraste framtid flytte til Bergen. Det var då ein periode aktuelt å spele for andre klubbar enn Randaberg. Men etter ei god stund i tenkeboksen, valgte eg ein ny sesong i randabergdrakta. Ein stor motivasjonsfaktor er at klubben har henta inn ikkje mindre enn tre utanlandske spelarar.
Det er Toplica fra Bosnia, Mladen fra Serbia og Andrus fra Estland. Toplica er hovedsaklig kantspelar, men ser ut til at han kan spele det meste. I tillegg vil han fungere som hjelpetrenar. Mladen vil bli hovedtrenar og oppleggar. Toplica var først på plass, og kjørte treningane i starten. Mladen kom forrige torsdag, og det begynner virkelig å ta form. Estlenderen Andrus kjem i morgen. I tillegg er Tom Harald Mossmann og Audun Hembre nye fjes. Tom er midtspelar, mens Audun blir vår nye libero. Begge fra fjorårets elitelag til TVN. Med så mange forsterkningar, vil det truleg bli stor kniving om ein plass i startoppstillinga.
Dag, Øystein, Paul og Bjarte har trappa ned på innandørssatsinga denne sesongen, mens Martin vil nok pendle litt mellom parkett og sandkorn. Ron Kjetil har også gitt seg, til fordel for Tromsø. For min egen del, må eg legge opp treninga litt sjølv, der eg somme gonger vil bli å finne på Nyborg-trening, mens andre gonger på Randaberg-trening.
Det ser ut til at eg ikkje skal ha ansvaret for nettsidene til Randaberg i år, så då vil du nok finne volleyballrelaterte saker på oli-bloggen i framtida.
Vår første prøving, kjem allereie til helga. Då arrangeras det nemleg Vest Cup i Stavanger idrettshall. Det er kun fire lag som deltar i eliteklassen; Randaberg, Oslo Volley, Toppvolley Norge og Norge 40+. Kampoppsettet finn du på Vest Cup sine nettsider.
Randaberg kjem truleg til å stille med ein spelarstall som ligner på dette: Mladen, Sturla, Ole Martin, Martin (?), Stian, Toplica, Andrus, Jørgen, Tom Harald, Knut, Henrik og Audun.