Arkiv for July, 2008

Moreller

Moreller
I går kveld blei det inntatt store mengder moreller. Det var godt. Moreller er visst i slekt med plommene, og nokre utvalgte like å kalla dei søtkirsebær. Det er både mørke og lyse moreller. Dei mørke er forholdsvis store, og har ein mindre stein enn dei vanlege morellene. Det er mest vanleg å eta morellene rett frå naturen, men funker også fint til dessertar. Morellene har særs kort holdbarhetstid, så her er det bare å sluke i seg. Jaksjemasj! I tillegg til at det er knask å gafla på, inneheld dei mykje A-, B- og C-vitamin, samt ein heil del mineraler, då særleg jern og fosfor. Ryktene tilseier at det er relativt lite kalorier i dei også.

Det var dagens sommartips. Ha ein fortsatt varm dag!

07/29/2008 | Uncategorized | 4 kommentarer

volleynytt.net

Etter at volleymedia.no blei lagt ned, har det vore vanskelig å holde seg oppdatert på volleyball-relaterte nyheter. Som eit alternativ kan ein nå følge med på volleynytt.net. Volleynytt.net er ei nyoppstarta side, som truleg blir drifta av ein norsk volleyballtrenar.

07/28/2008 | Volleyball | 3 kommentarer

Tomtom ONE 3RD Edition

Tomtom
Nå finner til og med eg veien. Les test hjå amobil.no.

07/28/2008 | Teknologi | Ingen kommentarer

Sandmoro 08

Tirsdag til torsdag var det igjen klart for den fantastisk beachturneringa i Farsund. 9 herrelag og 6 damelag ga grunnlaget for ein skikkelig beachfest. Helland/Helland stilte, og må sei seg nøgd med å ryke ut i semifinalen, sjølv om me var særs nærme å komme oss heilt til finalen.

Gruppespel:
Helland/Helland - Due/Siig 0-2
Helland/Helland - Eithun/Undheim 2-0

Mellomspel:
Helland/Helland - Ingebretsen/Larsen 2-0
Helland/Helland - Fald/Berger 2-0
Helland/Helland - Strømsvåg/Dale 2-0

Semifinale:
Helland/Helland - Berntsen/Spinnangr 1-2

07/24/2008 | Volleyball | 4 kommentarer

Dubrovnik

Dubrovnik
Veka 2-9 Juli blei livet levd langs adriaterhavet. Med ein temperatur stabilt på 35 grader og blå himmel så langt du kunne sjå, går nok denne veka inn i ei slags topp 3-liste. Blei imponert over kor bra alt var i Dubrovnik. Dei har jammen stått på dei siste 17 åra. Helene har, om mulig, etablert seg på toppen av ein skala når det gjelder den kroniske knipsemanien. Då hu fant ut at det var ein makro-funksjon, gjekk knipsemanien fort over til hobbyfotograf. 159 bilder er lagt ut i fotoalbumet, det tilsvarer ca ein fjerdedel av bildene. Anbefaler lysbildefremvising av bildene.

Les heile artikkelen »

07/21/2008 | Reiser/Turar | Ingen kommentarer

«The descent»

The DescentSkru av lyset. Sett i gang «The descent». Skru opp lyden. Sett deg til rette. Legg vekk forstyrrande element, og følg med! Då kan eg garantera at du komme til å bli skremt i ny og ne.

Det er den værste filmen eg har sett.
- Anonym

Den har fått heile 7,4/10 fordelt på over trettiåttetusen stemmer på IMDB. Det er særs uvanlig for ein slik type film. Pulsen min er forøvrig på vei ned, men det tok tid. Ha ein god film!

Koffor lage de sånne filmar?!
- Anonym

07/17/2008 | Film/TV | 4 kommentarer