«Donnie Darko»
«Donnie Darko» må være den filmen eg har sett flest gonger. Etter at den blei sett to gonger i løpet av et døgn i jula, har eg nå sett den fire gonger. Kvifor? Ja, det kan du så sei. Og eg som faktisk er sterkt imot og sjå den samme filmen fleire gonger. Det som er ekstra snodig er at dette er ein lavbudsjettsfilm som aldri blei vist på kino.
Filmen handler om ein relativt forstyrra femtenåring, som stadig kommuniserer med ein fantasifigur utkledd som ei kanin; Frank. Utover dette, byr filmen på nokre fantastiske skuespelprestasjonar og eit heilt genialt plot.
Har du ikkje sett filmen, eller er ein av dei som syns dette var noko skvip? Då har eg ei vinnaroppskrift:
# Sett deg i film-modus, følg med, og sett på «Donnie Darko».
# Etter at du har sett filmen, kan du f.eks lese”The philosophy of time travel” (ikkje les den om du ikkje har sett filmen.), eller evt. lese det som er av finurlige teoriar rundt filmen. Tips: Søk på internettet.
# Sjå filmen ein gong til.
Akkurat nå er det 128.351 stk. som har stemt på filmen hjå IMDB, og den har fått et samla snitt på 8,3, noko som gjer at den ligg på 118. plass på top 250-lista.
Oli gir den karakteren 9 av 10.

2 kommentarer to “«Donnie Darko»”
Egil skreiv: - 01/20/2008
Eg he den på DVD, men he aldri sett an. Tar den med på nattevakt på mandag :)
cOlav skreiv: - 01/21/2008
Den er jo heilt legendarisk. Så har du jo Butterfly Effect som er i samme sjanger, dog ikkje like god.
Legg igjen ein kommentar