«Heroes»

Lagt til 25.09.2007. Arkivert under: Film/TV

Heroes
Episode 1, sesong 2 ute idag. :)

Til topps i Knallecupen!

Lagt til 10.09.2007. Arkivert under: Volleyball

Etter seier 2-1 over Amager i semifinalen, venta Hvidovre i finalen. Etter ein velspelt finale, endte det til slutt 2-1 favør Randaberg. Knallecupen var ein suksess der alle spelarane var i aksjon. I tillegg til Gilje, har me fått inn Helge Surdal i trenerteamet. Helge har tilført laget mykje, og kan nå skilte med 13 av 13 mulige seierar for sin nye klubb. Også dei nye spelarane blomstra i helga. Øystein viste flott blokk- og angrepsspel, mens Ron Kjetil og Sturla gjorde jobben lett for oss andre med henholdsvis solide mottak og legg, då spesielt i finalekampen mot Hvidovre.

Les meir i Bygdebladet og på volleymedia.

Knallecupen 2007

Lagt til 08.09.2007. Arkivert under: Volleyball

KnallecupRandaberg er i helga i Sverige og speler Knallecupen. Her er ein liten statusrapport etter dag 1. Me vant gruppa forholdsvis greitt med tre av tre mulige sigerar. I morgen venter Amager i semifinale.

Resultat gruppespel:
Randaberg – Lugi : 2-0
Randaberg – Hvidovre : 2-0
Randaberg – Falköping : 2-1

PS: randaberg.net er nå blitt oppdatert, og blir ferdigstilt iløpet av få dagar.

Treningshelg #2

Lagt til 02.09.2007. Arkivert under: Volleyball

Denne helga kom TVN og Nyborg på besøk i Randaberghallen. Alle laga spelte mot kvarandre to gonger. Som sist helg, klarte me også denne helga å vinne alle kampane. Men oppgjøra mot Nyborg blei betydelig jevnare denne gongen – og kunne fort bikka begge vegar. Nyborg slo TVN 3-0 i begge sine kampar. Me spelte stort sett med same mannskap som forrige helg, men med unntak av Jørgen som var ute på vift.

Randaberg – TVN : 3-1
Randaberg – TVN : 3-0
Randaberg – Nyborg : 3-2
Randaberg – Nyborg : 3-2