I’m alive

Alive
Tross for at det har gått heile 49 dagar sidan forrige newspost, kan eg bekrefte at eg fortsatt lever. I skrivande stund sit eg i det åpne landskapet på jobb. Dei som då trur eg har blitt vaksen, tar heilt feil. I eit forsøk på å gjere det godt igjen, med tanke på dei 49 dagane, vil eg prøva på beste måte å publisera nye festlige saker og ting.

Først kan eg gi eit lite resymè av sommarferien. Sånn rundt 10. juni blei eg heilt uanmeldt utdanna med tittelen bachelor informasjonsteknologi. Det enda meir spektakulære, var at eg fekk jobb innen dette her. Men uansett - sommarferen, den bestod i hovedsak av avslapping, festligheter og sandvolleyball. I eit forsøk på å sjå korleis det var å spele sandvolleyball, bestemte eg meg for å spele ein del turneringar i år. Det blei vel rundt 8 turneringar med ymse forskjellige makkerar. Det er ikkje noko du blir rik på, men eg havna i pengene i tre av desse turneringane. Eg har spelt i Lier, Øystese, Hønefoss, Molde, Bø, Rjukan, Vik, Farsund og Hamar. Kamera har sånn delvis blitt med på et par turar. Det kjem bilder så snart eg returnerer til Paradis.

Ha ein fortsatt fin sommardag. That’s (not) all folks!

08/09/2007 | Uncategorized | Kommentarer

10 kommentarer to “I’m alive”

  1. Daniel skreiv: - 08/09/2007

    kossen jekk det me pokerspelingå, det sko jo finansiera sommerferien


  2. Ole Martin skreiv: - 08/09/2007

    Trur faktisk ikkje eg spelte poker i sommar. Kun et par koselag i levande livet. Det blei litt meir reising og styr enn planlagt, så derfor blei det heller lite pokerspeling. Me får heller ha et par PPP-samlingar i løpet av året.


  3. Egil skreiv: - 08/09/2007

    Bra update Oli!


  4. yalla skreiv: - 08/09/2007

    Åsså skippe du vikedal i helga? Eg og Mr. Glexe satse på å havne i pengene :-) Men eit ekstra napp i Barkavikapokalen er vel kjekt det og.


  5. Ole Martin skreiv: - 08/09/2007

    Litt trist at det kun var fire påmeldte lag til yndlingsbanane (Vikedal). Samtidig var det et skremmande bra nivå på dei laga som var meldt på. Blir det nåke av turneringa? Eg burde absolutt ha vore på heimstaden til Glexe og fleksa Glexe i Glexe-shortsen.


  6. yalla skreiv: - 08/09/2007

    Dei rekna med (håpa på) rundt 8 lag. Og det vart turnering fekk eg beskjed om frå manageren..


  7. Ole Martin skreiv: - 08/09/2007

    Så det var lag som var påmeldt utenom cupassist. Argh. Då ville eg heller spelt den. Er jo poeng å hente der. :)


  8. yalla skreiv: - 08/09/2007

    Kor du ser dette hen?


  9. Ole Martin skreiv: - 08/09/2007

    Cupassist (vikedal)

    Så trykker du “Vis påmeldinger”. Fristen gjekk ut 23:59 på mandagskveld. Eg sjekka seinast 23:58 for å sjå om det var nok lag. Eg drog då den konklusjonen at det ikkje blei nåke av, og valgte å ikkje melda meg på. Då blei det heller Barkavika.


  10. Svandal skreiv: - 08/10/2007

    Ska sei ein liten post fekk fart på siå;)


Legg igjen ein kommentar