Fire tv-seriar

Lagt til 29.08.2007. Arkivert under: Film/TV

seriehaustNå startar dei snart opp igjen: Micheal Scofield, Lincoln Burrows, Susan Mayer, Gabrielle Solis, Nancy Botwin, Celia Hodes, Phil Laak og Antonio Esfandiari. Dette er alle navn frå tv-seriar som vil gå i haust. Her er ei lita anbefaling for deg som syns det er greitt å smelle på ein serie før du legg deg. Det er allerede nå lagt ut ein 17 minutter lang smakebit av sesong 3 av «Prison break» som startar 17. september. «Weeds» og «High stakes poker» er allerede i gang. Har du et par uslepne diamantar av nokre tv-seriar, kan du fritt smelle av et par skot i kommentarfeltet. «Lost» blir ikkje nemnt her, då det ikkje startar opp før i januar 2008. Då gjenstår det bare å sjå om ein klarar å følge med på dette her.

1. «Prison break»
2. «Desperate housewives»
3. «Weeds»
4. «High stakes poker»

Fin treningshelg

Lagt til 26.08.2007. Arkivert under: Volleyball

Randaberg
I helga var det duka for årets første test for Randaberg. Me reiste til Sand, der me skulle spele treningskampar mot ToppVolley Norge (TVN) og Nyborg. Det blei ei fin gjennomkjøring som endte i fire relativt solid seierar.

Randaberg – TVN : 3-0
Randaberg – TVN : 3-1
Randaberg – Nyborg : 3-1
Randaberg – Nyborg : 3-0

Randaberg stilte med følgande spelerar: Øystein Holstad, Ron Kjetil Hamansen, Sturla Øydvin, Bjarte M. Helland, Martin Spinnangr, Stian Kvalen, Henrik Berg, Dag Strømsvåg, Jørgen Svendsen og Ole Martin Helland.

Øystein, Henrik og Jørgen gjorde det godt i midten. Dag var både oppleggar, libero og diagonal. Bjarte var diagonal og oppleggar. Ron Kjetil gjorde ein god jobb som libero. Eg og Martin spelte kant. Stian var både kant og diagonal før han fekk fingen ut av ledd (au!). Og Sturla kom inn til Sand og spelte siste kampen som oppleggar. Neste helg er det nok ei treningshelg med de same laga, bare i Randaberghallen. Første seriekamp er i slutten av september.

Back to back Barkavika

Lagt til 12.08.2007. Arkivert under: Volleyball

Barkavika

Etter suksessen fra forrige år, var eg og Kjetil igjen klare for Barkavika Open. Med 36 herrelag og eit ukjent antall damelag, låg alt til rette for ei flott helg i idylliske Barkavika. Etter at gruppespelet vart avvikla på lørdagen, venta finalespelet idag. Me surfa oss gjennom kampane fram til finalen, der me møtte superduoen Eivind Bleie/Martin Riise. Det var mange gode ballvekslingar, men det vart til slutt 2-0 favør Helland/Helland. Då blei det enda eit stikk i vandrepokalen, samt ein flott mp3-spelar, eit gavekort og eit trådløst inne- og utetermometer. Jaksjemash! Det blei relativt dårlig med bilder, då fotografen valgte å bli i byn.

SilverLit X-Rotor Piccopter

Lagt til 10.08.2007. Arkivert under: Generelt Teknologi

Helikopter I går kveld gjekk Paradis lått & løje-forening til innkjøp av to stk radiostyrte helikopter. For å ikkje unngå rimelig bra kluss i landing og take-off valgte me å handle inn et som går på kanal A, og et på kanal B – great success! Under følger ein liten beskrivelse saksa fritt frå komplett.no:

X-Rotor PiccoZ er et 2-kanals IR helikopter produsert i skumplast (EPP) og tåler dermed veldig mye og klarer kræsjer bedre enn alle andre helikopterer. Lett å styre og nesten umulig å ødelegge ved normalt bruk. Leveres ferdig montert og er klart til å tas i bruk. Dette lille helikopteret lades opp på kontrolleren. Veldig enkelt og morsomt å fly! Aldersgruppe 8+

Apropos helikopter kan eg anbefale et herlig spel: Blokkokopter!

I’m alive

Lagt til 09.08.2007. Arkivert under: Generelt

Alive
Tross for at det har gått heile 49 dagar sidan forrige newspost, kan eg bekrefte at eg fortsatt lever. I skrivande stund sit eg i det åpne landskapet på jobb. Dei som då trur eg har blitt vaksen, tar heilt feil. I eit forsøk på å gjere det godt igjen, med tanke på dei 49 dagane, vil eg prøva på beste måte å publisera nye festlige saker og ting.

Først kan eg gi eit lite resymè av sommarferien. Sånn rundt 10. juni blei eg heilt uanmeldt utdanna med tittelen bachelor informasjonsteknologi. Det enda meir spektakulære, var at eg fekk jobb innen dette her. Men uansett – sommarferen, den bestod i hovedsak av avslapping, festligheter og sandvolleyball. I eit forsøk på å sjå korleis det var å spele sandvolleyball, bestemte eg meg for å spele ein del turneringar i år. Det blei vel rundt 8 turneringar med ymse forskjellige makkerar. Det er ikkje noko du blir rik på, men eg havna i pengene i tre av desse turneringane. Eg har spelt i Lier, Øystese, Hønefoss, Molde, Bø, Rjukan, Vik, Farsund og Hamar. Kamera har sånn delvis blitt med på et par turar. Det kjem bilder så snart eg returnerer til Paradis.

Ha ein fortsatt fin sommardag. That’s (not) all folks!