1

Conoco Phillips Open Bø

Lagt til 03.06.2007. Arkivert under: Volleyball

bo.jpg
I helga var det heile tre forskjellige turneringar; i , Førde og Fredrikstad. Eg og Martin hadde meldt oss på både og Fredrikstad. Men det blei kun med Bø. Me vant alle kampane i gruppa 2-0, forsatte med å vinne kvartfinalen 2-0. I andresettet i kvartfinalen drog eg på meg krampe i venstreleggen. Den satt drøyt. Eg tok både timeout og medisinsk timeout. Utrulig nok klarte me å karre oss til siger i denne kampen. Nå venta semifinale.

Hadde ingen store forhåpningar om at krampen ville gå vekk, men med mykje salt og vatn, var eg likevel optimist. Me byrja semifinalen, men tidlig i førstesettet gjekk eg opp og skulle smashe. Det var bråstopp. Fullstendig murkrampe i begge leggar, og litt tendenser i eine låret. Det er noko av det værste eg har opplevd. Uansett, nok ein medisinsk timeout, prøvde litt vidare – men det fungerte ikkje. Me trakk oss, både frå semifinalen og bronsefinalen. Det enda då beklageligvis opp i ein fjerdeplass. Litt slurvete med inntak av næring kombinert med at me hadde nesten fem kampar på rad, er nok grunnen.

Planen var å følge Holstad-brødrene vidare til Fredrikstad, men sidan eg hadde store problemer med å gå, valgte me å bli igjen i Bø. I Bø diska Iver opp med husrom, tøysebrus, god mat og landskamp – genialt! Med fem kampar i kroppen, tar det ikkje lange tida før du begynner å bli over middels engasjert i ein fotballkamp. Turen fortsatte til flotte omgivelsar hjå «Den gode nabo». Ernst bur i Bø, og han var på plass for å sjå semifinale. Han fekk iallefall sjå Oli i litt krampesmerter. Uansett, igjen, – han var selvfølgelig på denne flotte naboen. Det vart løye. Dei hadde ei usedvanlig lang spritservering i Bø. Det liker me.

Den gode Nabo

Turneringa i Bø var av den beste sorten. Flotte banar. Herlig sand. Hyggelige folk. Bra organisering. Her må me tilbake! Om du er interessert ligg det detaljerte resultater frå turneringa i Bø på internett.

1 kommentar

  1. Bjørke says:

    Eg har mange sjøslag på naboen…hehe… Bø e ein fine plass…

Skriv kommentar