Aprilfisk

Lagt til 01.04.2007. Arkivert under: Generelt

Idag er det 1. april. Det er blitt den store luredagen. Dagen der ein driv gjøn med kvarandre, og finn på eventuelle andre peik. Den aprilsnarren me kjenner til, kjem frå Frankrike, og stammar heilt tilbake til 1500-tallet. Der ga dei kvarandre «aprilfisken». Det ein gjorde då, var å henge ein papirfisk på ryggen til han/hu som det blei dreven gjøn med. Kan tenke meg dette var hysterisk morosamt for franskmennene. Frankrike var nemleg det første europeiske landet som tok i bruk den gregorianske kalenderen. Dei som då brukte den den gamle kalenderen (julianske) blei ofte utsatt for lureri, der dei som vart lurt blei kalla «aprilfisk».

Dagbladet.no har idag klipp frå “Verdens beste aprilspøk“. Nokså bra. Ha ein fantøysisk dag. :)