Arkiv for April, 2007

Dagens beach

Etter at eg fekk meg ein god smell i låret her om dagen, blei det rolig og fin leking i sanden idag. Krykke-Knut var med som flink fotograf. Det såg ut som han koste seg i vårsola. Du kan sjå bilder frå økta i picasaalbumet mitt. Under ser du ein liten filmsnutt frå ein nokså slakk Oli som på mystisk vis klarar å score poeng.

.

04/26/2007 | Volleyball | 3 kommentarer

15 seconds of fame

Oli på tv2
Igår kveld dukka eg nesten heilt uten vidare opp på tv2 sine sportsnyheter. Dei laga ein reportasje om Jørre som ikkje hadde papirene (pass) i orden før avreise til Kina.

04/24/2007 | Volleyball, Generelt | 3 kommentarer

One Call

One Call
Idag bestilte eg One Call. Dei tilbyr gratis ringetid dei første 88 minutta. Utover dei 88 minutta koster det 80 øre pr minutt. Dei første 78 tekstmeldingane er også gratis. Det finns heller ingen innmeldingsavgift. Fullstendig prisliste finner du på One Call sine sider.

Eg rekna samen snittet av alle rekningane mine frå Chess det siste året, for så å taste dataane inn på telepriser.no. Resultatet var slåande. One Call slo Chess King ned i støvlane. Snittet mitt frå alle månadane blei 115 minutt fordelt på 76 samtalar. Vidare har eg i snitt sendt 350 SMS pr mnd.

Utifrå desse dataane fekk eg følgande resultat på telepriser.no:
1. One Call Faktura - kr 157
2. Nutel KILLBILL Mobil - kr 186
3. IPEA Apollon - kr 239
4. One Call Kontant - kr 254
5. Chess ChessTouch - kr 271
….
10. Chess King - kr 311

Etter eit kjapt reknestykke (311 - 157) vil eg spare 154 kr pr. mnd. På ett år blir det 1848 kroner. Tenk alt det fine eg kan kjøpe då. Du får f.eks ei veke på Kreta for 1795 kr. Då gjenstår det bare å sjå korleis mobilrekningane mine blir i framtida. Ha ei fin veke!

04/22/2007 | Generelt | 11 kommentarer

1 US$ = 5.9904 Norwegian kroner

Dollar
Trur ikkje eg har sett dollaren så låg før. Finn på noko tøft.

04/15/2007 | Generelt | 11 kommentarer

Det ventes..


Tester å publisere med mobilen. Laaang kø på Nesvik.

Posted by ShoZu

04/09/2007 | Generelt | 3 kommentarer

Snøvolley

Svandalsmikk
Gutten som stadig blir yngre og desto enda meir lovande var på besøk dei siste dagane i anledning Snønuten open 2007. Der beit han forøvrig kraftig frå seg. Den mannen klarer alt. Han fekk meg faktisk med ut i snøen for å leke med ball. Du finner bilder i picasaalbumet mitt. Forresten, det kom abnormale mengder med snø idag.

04/08/2007 | Generelt | 3 kommentarer

Aprilfisk

Idag er det 1. april. Det er blitt den store luredagen. Dagen der ein driv gjøn med kvarandre, og finn på eventuelle andre peik. Den aprilsnarren me kjenner til, kjem frå Frankrike, og stammar heilt tilbake til 1500-tallet. Der ga dei kvarandre «aprilfisken». Det ein gjorde då, var å henge ein papirfisk på ryggen til han/hu som det blei dreven gjøn med. Kan tenke meg dette var hysterisk morosamt for franskmennene. Frankrike var nemleg det første europeiske landet som tok i bruk den gregorianske kalenderen. Dei som då brukte den den gamle kalenderen (julianske) blei ofte utsatt for lureri, der dei som vart lurt blei kalla «aprilfisk».

Dagbladet.no har idag klipp frå “Verdens beste aprilspøk“. Nokså bra. Ha ein fantøysisk dag. :)

04/01/2007 | Generelt | 4 kommentarer

  •  
  •