Arkiv for March, 2007
Påsken 2007
Det nærmer seg påske med nokon lunde store skritt. Mange vil nok ta påskeferie allerede nå på fredag.. I år fell første påskedag den 8. april. Men kvifor? Er du ein av dei som alltid har lurt på kvifor påsken kan variere over ein heil månad? Her er løysinga på påskemysteriet:
Første påskedag fell på første søndag etter første fullmåne etter vårjevndøgn. Vårjevndøgn er ett av to tidspunkt kvart år kor sola står i senit (vinkelrett) ved ekvator. Det andre tidspunktet er høstjevndøgn. Ved desse to tidspunkta er sola over horisonten 12 timar overalt på jorda. Vårjevndøgn er frå 20-22. mars. Men 21. mars er vanligast og blir kalla «det offisielle vårjevndøgn». Kjem ein langt nok i aust og vest, kan vårjevndøgn vera den 20. eller 22. mars.
Utifrå dette kan altså første påskedag variere frå 22. mars (1818 og 2285) til 25. april (1943 og 2038). Tar ein då fram månekalenderen ser ein at første fullmåne etter vårjevndøgn (21. mars) er mandag 2. april. Og førstkommande søndag etter 2.april blir då søndag 8. april, som igjen blir første påskedag.
Påsken 2007
1. April - Palmesøndag
5. April - Skjærtorsdag
6. April - Langfredag
7. April - Påskeafta
8. April - 1. påskedag
Mens du venter på påsken, kan du prøve dinside.no sin påske-quiz. Fekk 19 poeng. Det var nok o-fag for idag. Ha ein fin dag
Fina været
Det er et fantastisk vær som herjer om dagen. Me skriv 27. mars, og shortsen er allerede tatt i bruk. Var ein tur heime på Sand i helga. Eg og Kjetil var på befaring store deler av søndagen. Det er lagt til 20 bilder frå sightseeingturen i fotoalbumet.
På bildet ser du spreke elevar spele beach, mens det ennå er snø på fjelltoppane.
God morgen

Kaffi, news og «The sweet escape».
«300»

Såg snikpremiere av «300» idag. Hadde ingen forhåpningar i det heile, då eg egentlig ikkje like “bakøve”-filmar. Mykje slossing, mykje telagt blod og mange rare karakterer blei til ein heilt grei film. Om du hadde sett Gladiator, Ringenes Herre og Sin City på samme tid - kunne du kanskje fått ei liknande oppleving. Pluss for særs mange gode replikkar. Eg gir den terningkast 5.
Nytt tv?


Satte opp et lite apparat på “jobb” idag.
Innesesongen over
Da var siste kamp for Randaberg spelt denne sesongen. Me tapte 1-3 for Dragvoll i den andre kvartfinalekampen. Ein snodig kamp, der me hadde god kontroll i 1. settet, førte heile 2. settet og leda store periodar av 3. settet. Men dårlige periodar i slutta av setta ødela, og det endte til slutt i tap. For uten om å spele volleyballkamp, fekk me sitt Trondheim både på dag- og kveldstid. Tone hadde konsert på torget. Hu sang og styrte på.

Torget i Trondheim
Golftrening

Ettersom snøen har meldt sitt avbud, og våren er på vei fram, var det igjen på tide med litt golf. Denne gangen skulle det bli kamp - 2 vs 2. Meg og Petter (Petter stilte med et par slags handicap) mot Egil og Daniel. Trur det enda i et knepent tap. Daniel hadde meg seg et speilreflekskamera. Det blei tatt litt bilder, for å sei det slik. I et forsøk på å ta mange bilder på rad, fekk han tatt svingteknikken min.

Bilde 1 - Bilde 2 - Bilde 3 - Bilde 4
Har for tida glømt ut/rota vekk brukernavnet og passordet mitt til albumet, så sliter litt med å legge ut bilder. Det kjem. Ha ein fin dag i sola. ![]()
Bilder fra RIL-Dragvoll
Det ligg totalt 11 bilder i fotoalbumet frå kampen vår i helga. Den endte som kjent 3-0 til Dragvoll. Kvartfinalen blir spela best av tre, så me har enda muligheten til å nå semifinalen. Returkampane er til helga.
Fotoalbum: Randaberg - Dragvoll
Ny twist
Idag fekk omhelland.com et lite ansiktsløft. Håper det falt i smak. Ikkje 100% ferdigutvikla enda, men det nærmer seg. Planer om å integrere fotoalbumet og evt. andre fancy ting. Det skjer kanskje plutselig. ![]()
Golf
Ettersom løsningsansvarlig er golfmann, blei det ein liten tur ut til Sola for å teste gamle takter på golfbanen. Etter å ha sett herrestafett og følt meg langt over middels engasjert i idrettsarrangement på fjernsynet, var eg klar for å teste svingen. Daniel henta meg relativt tidlig. Det blei ei fin økt med to rundar på korthålsbanen. Petter vant selvfølgelig begge rundane med enorm margin, mens eg og Daniel kjempa om 2. plassen med kvadruple bogeyar. Tok han med 5 slag på første runden, men måtte sjå meg slått med 1 slag på siste runden. Alt i alt var eg nokså nøgd med sammenlagtseieren over Daniel, då han viste ekstremferdigheter på driving rangen etterpå. Bilder kan beskuas i fotoalbumet.