Arkiv for September, 2006
Fotoalbumet oppdatert

Har idag lagt ut ein del bilder i fotoalbumet. Foreløpig ligg det bilder under tri forskjellige kategoriar; Volleyball, Festligheter og Friluftsliv. Har fortsatt ein del bilder på disk, som muligens kommer seg ut på nettet etterkvart.
Elitestævnet 2006

Ein får ikkje tid til å pakke ut baggen frå forrige danmarkstur, før det braker laus igjen. Idag reiser Randaberg til Middelfart for å spele det årlige elitestevnet. Turneringa har vore ein suksess dei to siste åra. Med gode lag, fine hallar, fint vær og ellers mykje fint er det ingenting i veien for nok ei suksessturnering. Gjennomsnittsalderen på dei som reiser iår er nok rundt 10 år yngre enn det den var ifjor. Så dette blir bra!
Skal prøve å få lagt ut resultater underveis. Om ikkje, blir det sikkert lagt ut resultat og et par referat på randaberg.net. Kamera har fått seg strøm, så nå er det vel ingenting i veien for fotografering heller.
Resultat:
Gruppekamp: Randaberg - Århus : 2-3 (11-15 i tie-break)
Spelte ein god kamp, der dei fleste fekk prøve seg. Med litt meir kynisk spel, kunne nok denne kampen endt i vår favør.
Kvartfinale: Randaberg - Marienlyst : 2-3 (17-19 i tie-break)
Marienlyst er danske mesterar fra fjoråret, og er rekna som det beste laget i Danmark. Dei stilte med fullt mannskap og toppa laget. Me gjorde ein solid kamp, der me spelte oss fram til tie-break. Hadde to matchballar, men måtte dessverre sjå den avgjerande ballen gå i bakken.
Albumet snart på plass
I den siste tida har albumet vore nede. Men nå har systemansvarlig i Paradis ordna opp i sakene, og det blir igjen bilder på omhelland.com.
Copenhagen elite open
I natt reiser me til Kristiansand, for å ta ferge over til Danmark. Vidare går turen ned til København. Der venter den første oppkjøringsturneringa for denne sesongen. Her skal det testas ut nye spelerar og litt forskjellig. Du kan lese meir om turneringa på randaberg.net. Det er 7 herrelag med i turneringa, inkl. Randaberg IL. Randaberg har komt i gruppe med Lyngby 2, Frederiksberg og Midtfyns.

Kampene begynner på lørdag. Skal spele tre puljekampar, henholdsvis kl. 10:00, 13:00 og 17:00. På søndag vil det bli kryss-spel med den andre gruppa. Skal prøve å holde dykk oppdatert på resultat og slikt undervegs. Reiser forresten med fem heilt nye spelerar.