Tour de Blåsjø

Ettersom både eg og Olav hadde fri denne veka, måtte me finne på noko. Olav, som til dagleg sitter i skranken hjå Stavanger turistforening, var ikkje lenge om å lure meg med på fjelltur. I begynnelsen fabla han om fisketur rett oppe i hogget, han lokka med god mat, fersk fisk og ellers mykje godt. Det endte opp i at me gjekk rundt blåsjø. Me starta turen på Førrevass torsdag rundt kl 16:00, og enda opp i Stranddalen på lordagskveld kl. 22:45. Det blei ein fin tur med mange flotte opplevingar.’
Dag 1: Førrevass - Eidavatn (15,4 km)
Etappe 1: Førrevass - Eidavatn
Etter å ha opparbeida ein døgnrytme som truleg ville blitt nominert til Noregs beste, var eg litt vanskelig å få kontakt med på torsdagsmorgon. Til slutt kom Olav igjennom og fekk kontakt. Me skulle på Rimi å handle mat og godis til turen. Moder Olav var snill som kjørte oss opp til Førrevass, der turen starta. Denne etappen var ikkje merka med rød maling, slik at veivalga vart litt improviserte. Dette igjen førte til at me kanskje brukte litt lenger tid. Etter ymse fjellklatring, mange ryper og litt regn kom me fram til Eidavatn i ni, halv ti-tida. Unge spreke Øvstebø hadde gått å fabla om noko bacalao si før me starta turen, og til kveldsmat fekk han sin spanske fisk. Nokså godt!
Distanse: 15,4 km
Tid brukt: 5:01 t
Gj. snitt km/t: 3,1
Dag 2: Eidavatn - Hovatn (27 km)
Etappe 2: Eidavatn - Storsteinen (12,8 km)
Etter å ha fordøydd ein god gammal hermetikkboks med bacalao, samt fått sove et par timar i køya, var me klare for andre etappe i tour de bleumer. Ein skikkelig tempoetappe. Med flott vèr, vart dette reine parademarsjen. Kilometerane forsvant fort bak oss, noko som gav rom for fisking. Etter ein halvtimes fisking, begynte me verkeleg å lura på om det var noko fisk i det heile tatt i desse puttane. Så snart Storsteinhytta kom til syne, kunne me lukta pastaen. Eit herlig måltid stod framfor oss.
Distanse: 12,8 km
Tid brukt: 3:19 t
Gj. snitt km/t: 3,9
Etappe 3: Storsteinen - Hovatn (14,2 km)
Med ein familiepakke ostepasta, samt et par fullkorn knekkebrød innabords, er ein lynklar for å bare fyre på vidare. Men dette skulle vise seg å vera den store alpeetappen. Med mange stigningar og trått vèr, tok denne etappen unormalt lang tid. Noko av grunnen, var nok den store fiskeinteressa blant dei to unge turgåerane. Etter denne etappen var me sikre; Det er ikkje fisk i Blåsjø. På det høgaste partiet på denne strekninga, hadde me ein god og fin pause med mykje god mat og kaffi. Planen var å gå direkte til Vassdalstjern, men ettersom mørket kom fort, magen var tom, og beina mine var av ymse kvalitet, gjekk me ned til Hovatn og overnatta. Det var absolutt ingen tabbe, då Hovatn kunne tilby kanskje Nord-europas beste køysenger.
Distanse: 14,2 km
Tid brukt: 5:51 t
Gj. snitt km/t: 2,4
Dag 3: Hovatn - Stranddalen (34,5 km)
Etappe 4: Hovatn - Vassdalstjern (8 km)
Den store planen på dette tidspunktet var å nå Stranddalen. Men med dei uimotståelege sengene som var å finna på Hovatn, blei avreisetidspunktet forskjøva til heile fire timar seinare enn planlagt. Det skulle ikkje stå i veien for målet vårt. Turen frå Hovatn til Vassdalstjern gjekk fort. Fisking blei det også. Fisk blei det ikkje. Nok om det. Før me visste ordet av det, kunne Olav igjen lukte pastaen rundt neste bakketopp. Med eit godt måltid på Vassdalstjernhytta, var me klare for neste etappe.
Distanse: 8 km
Tid brukt: 2:20 t
Gj. snitt km/t: 3,4
Etappe 5: Vassdalstjern - Krossvatn (10,2 km)
Når velamaskinen setter igang, kan ein ikkje gjere noko anna enn å følge etter. Nok ein transportetappe. Me kom oss avgårde rundt kl. 1600, og med mål om å nå Stranddalen før mørket kom for alvor, var det bare å henge i. I fint vèr gjekk med i et fint tempo retning Krossvatn. Etter litt over to timars gange, blei me møtt av gjestfrie fjellfolk, som kom med kaffi og allslags godt til oss. Dei trudde me skulle tilbringe natta her, og vart nokså overraska då me sa me hadde tenkt oss vidare til Stranddalen. Det blei ein times pause her også.
Distanse: 10,2 km
Tid brukt: 2:20 t
Gj. snitt km/t: 4,4
Etappe 6: Krossvatn - Stranddalen (16,3 km)
Klokka blei 1930 før me kom oss i skotøyet frå Krossvatnet. I lyset av mange skeptiske fjes på Krossvatnet, måtte me bevise at me skulle nå Stranddalen før det blei skikkelig mørkt - og det klarte me. Med øl på Stranddalshytta som motivasjon, var det ingen tvil om at dette skulle bli rekordetappen. Stein eller grus, sti eller mark - det spelte liten rolle. Her var det bare å labbe avgårde. Etter ein drøy time kom me til Mostøl-krysset. Då hadde me hatt eit snitt på godt over 5km/t. Klarte me å holde dette, ville me vera framme i god tid før 2300, som var planen. Med kun innlagt drikkepausar, var me ikkje lenge om å nå Stranddalen. Men akk litt for seint. Dei hadde stengt ølserveringa 2230, og då me kom heseblesande inn dørene rundt 2245, fekk me takka oss te ei Solo og ein herlig middag! Dette var verdt sletet. Ein lang dag var over. Med grovt rekna et dusin kjøttkaker i magen og 34,5 km i beina, blei me geleida til ein slags hems, der me kunne slå oss til ro. Heile 72 mann overnatta på hyttene, så det vart litt trangt.
Distanse: 16,3 km
Tid brukt: 3:20 t
Gj. snitt km/t: 4,8
Dag 4: Stranddalen - Sand
Etappe 7: Stranddalen - Litt rundt omkring - Øvre Moen
Dette blei sjarmøretappen. Daffa avgårde innover til Øvre Moen. Fiska selvfølgelig litt på vegen. I et vatn alle får fisk i. Men etter denne turen vett jo alle at det ikkje finns fisk over 900 meter. Dei har nok bare skrøna heile gjengen. Saltet og pepparen forblei uåpna. Eg må nok ned på rimi å handle ein boks med makrell i tomat. Nok om det - igjen. Når me skimta parkeringsplassen ved Øvre Moen såg me nokre folk gåande et godt stykke lenger nede. Vela var ikkje lenge om å langa avgårde for å ta dei igjen; han ville ha haik. Det fekk me. Me kom oss til Gullingen, der daddy dj kom å henta oss.
Distanse: 8 km
Totalt blei det gått 85 km. Me såg tre reinsdyr, åtte-ti ryper, slangeforma fjell og så masse meir. Dei pleier vel å seie at alt i alt var det ein kjekk tur og alt det der. Ok - alt i alt var det ein kjekk tur. Iløpet av turen kom det fram et par visdomsord, bl.a: “Kvar ein motbakke fører til ein utforbakke” og “Alt du kan sjå, kan du nå“. Det er forøvrig lagt ut 89 bilder frå turen.

5 kommentarer to “Tour de Blåsjø”
yalla skreiv: - 08/14/2006
Viss du hadde stått midt i svingen på “S-en” på det bildet øverst her, så hadde du nok klart å lurt ein saftige aure og to :)
Ole Martin skreiv: - 08/14/2006
Hm, prøvde litt og. :]
Svandal skreiv: - 08/15/2006
Eg e imprignert! Storveis=)
cOlav skreiv: - 08/18/2006
Neste tur blir nok noko hard. Då går turen til Yding Skovhøj, så må rekne med litt trening.
http://www.ydingskovhoj.dk/
Ole Martin skreiv: - 08/19/2006
Vil påstå det vil bli ein del hardare å gå til Yding Skovhøj, ja.
Legg igjen ein kommentar