Dagens impulskjøp, del 1.

Lagt til 30.08.2006. Arkivert under: Teknologi

Lettare inspirert av iberge.net, prøver også eg meg på impulskjøp. Gjekk idag til innkjøp av ein WD 320GB My Book Essential Edition, nemlig ein ekstern harddisk. Den tar seg nok bra ut på kontoret. Når boka kjem i hus, blir det nok mange fine samtalar med både Donald og Dole.

Begge boksane solgt!

Lagt til 27.08.2006. Arkivert under: Generelt Teknologi

xbox
Nå er begge xboxane solgt. I tilfelle du venta på gi-vekk-pris, er det nå for seint. :)

Sesongoppkjøring

Lagt til 26.08.2006. Arkivert under: Volleyball

mikasa
Begynte denne veka å trene innendørs igjen. Har ikkje tatt i innendørsball på det uendelige. Stort sett pga ein vond rygg. Men etter tre treningar denne veka, virker den nokså god. Etter veldig få nye spelerar dei siste åra, har det i år komt mange nye i stallen. Ved å ta turen innom randaberg.net, kan du lese meir om det. Me skal ikkje ha første seriekamp før midt i oktober, så det blir god tid til å komme i form. Skal gjennom to oppkjøringsturneringar i Danmark i september. Det er alltid ein suksess.

God helg!

Matglede

Lagt til 22.08.2006. Arkivert under: Mat og drikke

plums
Var innom ICA idag, og fant ut med stor glede at det var 40% avslag på samtlige findusprodukt. Dette førte til ei plutselig forandring av mine handleplanar. Gjekk til innkjøp av bl.a pasta bolognese, pasta med kjøttbøller, lasagne og biff stroganoff. Kjøpte faktisk to eksemplarar av dei fleste. Det betyr at middagen er fiksa den neste veka, til ein finfin pris.

Mens eg tilberedte dagens pasta med kjøttboller, kom desserten på døra. Det ringte på, og der stod ei lita jente: “Vil du kjøpe plommer?”. Selvfølgelig måtte eg ha plommer. Ein må jo støtte opp om det lokale næringslivet. Det var grisegodt. Hadde nesten glømt ut kor godt det var med plommer.

Tour de Blåsjø

Lagt til 13.08.2006. Arkivert under: Reiser/Turar

turtur
Ettersom både eg og Olav hadde fri denne veka, måtte me finne på noko. Olav, som til dagleg sitter i skranken hjå Stavanger turistforening, var ikkje lenge om å lure meg med på fjelltur. I begynnelsen fabla han om fisketur rett oppe i hogget, han lokka med god mat, fersk fisk og ellers mykje godt. Det endte opp i at me gjekk rundt blåsjø. Me starta turen på Førrevass torsdag rundt kl 16:00, og enda opp i Stranddalen på lordagskveld kl. 22:45. Det blei ein fin tur med mange flotte opplevingar.’

Les heile artikkelen »

Siger i Barkavika Open

Lagt til 07.08.2006. Arkivert under: Volleyball

kjetiloli
Ettersom Kjetil sin opprinnelige makker pådrog seg ein lei hjernerystelse, måtte eg stille opp som ny makker på relativ kort tid. Team Helland/Helland var ein umiddelbar suksess, og spelte oss lett fram til finalen. I finalen vant me 2-1 over Helland/Drange. Hans Magne var uoffisiell pressefotograf og journalist for helga, og har lagt ut eit fyldigare referat på si side.