Arkiv for July, 2006

Laksesafari

laksesafari
Idag slengte eg og Moe på oss kvar si overlevingsdrakt og følgte strømmen nedover elva. Såg ein aure, ein halv moped og ellers litt småknask.

07/31/2006 | Generelt | 4 kommentarer

Laugardag #2

Sidan det ikkje blei stup frå toppen igår, måtte me opp igjen idag. Har redigert ein liten video utifrå et par mobilklipp.

- jaavatnet.wmv

07/27/2006 | Generelt | 2 kommentarer

Laugardag


Var på badetur igår, og ettersom Jåvatnet tilbyr mange forskjellige hoppe- og stupehøgder, måtte eg ta meg et par stup. Det var lenge si, så sleit litt med teknikken, men alt i alt så gjekk det bra.

Igår var eg og Gjermund ute å snorkla på Neset. Det var nokså spennande. Eventyret starta med at eg såg ein sykkel, for så å sjå mange flotte fiskar. Rett før me sko gå iland, såg eg noko skikkelig spennande; ein ål! Trur nesten eg ikkje har sitt ål før. Den svinga seg iallefall rundt i sjøgraset, og såg relativ skummel ut. Dette må gjentas!

07/27/2006 | Generelt | 5 kommentarer

Den store øltesten - resultater

test
Nok ein gong i vitskapens namn gjennomførte me ein ny test. Denne gongen var det øl som stod for tur. Ølmerkene som står i forrige post, er litt i strid med dei merka me egentlig testa. Men alt i alt var det 15 forskjellige merker som var med i testen. Testen blei gjennomført som ein blindtest. Dei deltakande var: Helge, Eirik Daniel, Odd Eirik, Reidar, Ola og meg, Ole Martin.

Ikkje meir snikksnakk; her er resultatene av den store øltesten 2006:

Les heile artikkelen »

07/27/2006 | Testar | 15 kommentarer

Den store øltesten

oltestTil helga er det klart for den store øltesten. Heile 16 forskjellige ølmerker skal testas, så dette blir den mest omfattande testen i omhelland.com & co sin historie. Nå, eit par dagar før testen hadde det vore fint med ein liten stemningsrapport på kva for nokre ølmerker dykk trur vil stikka av sigeren. Den som klarar å gjette rett ølmerke til vinnar, eller kanskje prøve seg på ei topp3-lista, skal bli premiert med både heder, ære og kanskje noko attåt.

Følgande ølmerker skal testas:

- Hansa
- Ringnes
- Tou
- Tuborg
- Carlsberg
- Heineken
- Budweiser
- Corona
- Lidl
- Dahls
- Stella Artois
- Asahi Extra Dry
- Grolsch
- Kronenbourg
- Singha Lager
- Urquell

07/12/2006 | Testar | 31 kommentarer

Marco Materazzi

07/10/2006 | Generelt | 2 kommentarer

Asfaltkaffi

Det er stadig nye utfordringar i baren. Idag måtte eg slå til med ein irsk kaffe, dog nokså uvitande om korleis ein skulle lage dette. Ei lita oppskrift gjorde underverker, og den irske kaffien kom til syne. Den såg fantastisk god ut. Trur eg må lage ein slik til meg sjølv ein dag.

Det har vore travelt idag, men nå tar eg meg ein liten pause før eg skal slå til med frukosten. Sveipa akkurat innom dagbladet, og fant ein liten herlig ting. David (15) uttaler seg fint om forskjellen mellom å vokse opp i byen og bygda. Her er 5 synspunkt saksa frå db.no:

Berfin (19) tror ungdommen i byene utvikler personligheten raskere.
Azitah (18) etterlyser flerkulturelle bygder.
Stine (17) tror ungdommen i byen blir mer selvstendig.
David (15) mener bygda trenger mer asfalt.
Marte (17) mener byungdommen lever mer sosialt.

Blant fire ålreite påstander, syns David rett og slett at bygda treng meir asfalt. Det var nok for denne gang. Ha ein fortsatt kjørbar dag.

07/07/2006 | Nattevakt | 2 kommentarer

Snowball

Idag måtte eg lage to drinkar; Snowball og Dry Martini. Dette hadde eg aldri vore borte i før, men dei gjeldande vart nøgde og skrøyta av drinkane (kva ellers skulle dei gjere?) - storveis! Ellers har eg prøvd å halde ord, det er nemleg blitt oppretta ein eigen bloggkategori; “Nattevakt”.

I natt er det mange som bur her på hotellet. Derfor må nattevakta steike mange brød og egg (plutselig steiker eg egga også, men dei skal vel kokast - ellerno). Det store spørsmålet er om han kan takle dette store brød- og eggpresset. Frukosten skal vera klar til 06:30. Klokka er nå 03:43, så eg har enda litt tid til å klargjere hjernen på dette her.

For utan om nattevaktrelaterte saker og ting, er det fullt kjør om dagen. Nå som touren (tour de france) er igang, er som regel tidsrommet 14:00 - 17:30 avlagt til det. Midt oppe i poengtrøyer og diskvalifikasjonar er det jammen meg også et fotball-vm som går mot slutten. Heia Ghana.

07/06/2006 | Nattevakt | 7 kommentarer

Nattevakt

Har begynt å jobbe som nattevakt på Ryfylke turisthotell. I skrivande stund og alt det der, sitter eg på kontoret i resepsjonen og nattevakterer. Idag er mi første natt aleine, og det har så langt gått strålande. Så lenge det ikkje komme kverulerande gjester, eller kjøla tar kveld, trur eg dette skal gå bra. Trur faktisk dette er del 1 i ein omfattande nattevaktblogg (?), men har vel egentlig litt problemer med å tru det.

07/03/2006 | Nattevakt | 5 kommentarer

World Tour Stavanger

worldtourstavanger

Denne veka var verdensserien i sandvolleyball i Vågen. Som dei tidligare åra, blir dette alltid ein folkefest. Fekk ikkje med meg så mykje volleyball denne veka, men klarte til slutt å få sitt to kampar. Har tatt et par bilder frå kampane Kjemperud - Skarlund mot Egger - Laciga, og Horrem - Pettersen mot Heuscher - Kobel. Bildene finner du i det nye fotoalbumet mitt.

07/02/2006 | Generelt | Ingen kommentarer

  •  
  •