Den litle melketesten

Lagt til 21.04.2006. Arkivert under: Testar

KUI kjølvatnet av den store whiskytesten vart plutselig den litle melketesten gjennomført. På kort varsel og langt glas, arrangerte me ein liten lokal test i bevreveien. Eg, Olav og Tveiten kjøpte kvar si melk til hamburgerane våre. Desse melk vart blindtesta:

– Tine lettmelk
– Q-Melk lettmelk
– Tine økologisk lettmelk

Les heile artikkelen »

Den store whiskytesten

Lagt til 20.04.2006. Arkivert under: Testar

den store whiskytesten
Etter den store suksessen med “den store vodkatesten“, var det på tide med ein ny fludiumstest. Det blei tidlig avgjort at testpanelet skulle gjennomføre ein “bruntest”. Men kva? Cognac og Whisky blei annonsert som testbatteri. Grunna økonomi og diverse årsaker, blei det omgjort til ein rein whiskytest. Dette har fleire fordeler; bl.a at det er åpning for ein egen cognactest seinare.

Desse sortane whisky vart testa:

- Jack Daniels
- Glenfiddich
- Ballantine’s finest
- Tullamore Dew
- Jameson
- Famous Grouse

Me opererte med ein karakterskala frå 1 til 6. Me testa både lukt og smak. Her har eg slått samen kvar enkelt testpersons karakter til èin og satt det inni klammer bak kommentarane.

Les heile artikkelen »

Inside man

Lagt til 04.04.2006. Arkivert under: Film/TV

Inside ManIgår var eg på kino. Det har gått nesten eit år sidan sist kinobesøk, då eg såg Star Wars – The revenge of the sith. Denne gongen var det “Inside Man” som trakk meg til lærretet. Dei fleste store avisene i landet ga denne filmen gode terningkast – det er ikkje uten grunn.

Dette er ein av dei bedre filmane eg har sitt det siste året. For å ikkje komme med ein einaste form for spoiler, skal eg kun seie at dette er ein film om et perfekt bankran. Det er spenning, action og ikkje minst ein god del humoristiske replikkar. Denzel Washington, Jodie Foster og Clive Owen står for hovudrollene.

Kanskje eg dømmer denne filmen litt på grunnlag av mine særs få kinobesøk, men i alle tilfelle; “Inside Man” får ein sterk femmer på terningen.