Arkiv for February, 2006

XBOX 360!

XBOX 360
Idag vant eg ein splitter ny XBOX 360! Har i den siste tida begynt såvidt å spele litt poker på bettson. Uten at eg visste det har bettson kjørt ein februarkampanje, der dei trekker ut heldige vinnerar kvar dag. Og den 27. februar var det visst min tur til å vinne. Ei svensk dame ringte og spredde bodskapen - noko som eg der og då trudde bare var tull, men som seinare viste seg og vera sant. Om du vil kan du sjølv gå inn på bettson og sjå at eg står oppført som vinnar. Du kan også sjå kva eg svarte (ikkje nøyaktig det som stod (menmen)) på to-tre spørsmål eg fekk på telefonen.

PS: Nokon som vil kjøpe ny Playstation 2 og XBOX 360?

02/28/2006 | Teknologi, Generelt | 9 kommentarer

Kjøpe lodd?

Som medlem av Randaberg idrettslag har eg fått utdelt to flotte loddbøker. Du kan nå få den unike sjansen til å kjøpe lodd, slik at du igjen kan vinne fantastiske premiar. Førstepremien er eit reisegavekort til verdi av firetusen kroner. Vidare er det mange andre flotte premiar, bl.a gavekort på overnatting og gavekort på restaurant.

Det koster 5 kr pr. lodd. For å kjøpe, kan du kome til meg. Dei som evt. er nokon racerar på pengeoverføring kan legge inn ein slant på kontonr: 9713 12 25214, og eg skal føre deg opp i basarboka.

Då håper eg på mange ivrige loddkjøperar. :)

02/14/2006 | Volleyball | 3 kommentarer

Randaberg - Førde 3-1

LagbildeEndelig blei det seier. Etter tap for både Oslo Volley og Nyborg var det på tide med ein seier. Ein jevn og velspelt kamp, der me tok det første settet. Førde vant 2.settet, mens me vant dei to siste.

Nå er me avhengige av at BK Tromsø taper ein kamp, og me vinner neste for at me skal komme blant dei to beste i serien. Dei to beste går nemlig rett til semifinalen i sluttspelet.

- Tabellen
- Randaberg.net

02/11/2006 | Volleyball | 6 kommentarer

Skriv alfabetet raskast mulig

Finger FrenzyBlei tipsa om dette litle spelet her igår. Prøvde det et par gonger, men blei fort lei. Måtte prøve litt igjen idag, og fekk til å skrive alfabetet på 2,7 sekunder. Har nå lagt dette spelet på hylla, men om nokon slår meg, er eg villig til å prøve igjen :)

Prøv Finger Frenzy du også.

02/06/2006 | Generelt | 10 kommentarer

TOURCast

Golf
Med TOURCastpgatour.com kan du følge Henrik Bjørnstad grafisk hull for hull. Du kan følge den gruppa du vil og få detaljert informasjon og animasjon for kvart hull. Nokså kult. Akkurat nå ligger Bjørnstad på delt 10. plass med fem under par i FBR Open.

02/03/2006 | Generelt | Ingen kommentarer

  •  
  •