Arkiv for January, 2006
Tabelltopp, tross to tap
På dei tri siste kampane, har me gått på to tap - henholdsvis mot Kristiansund (2-3) og Oslo volley (0-3). Men ettersom me oppskriftsmessig slo Lier 3-0 på søndag, er me igjen tilbake på tabelltoppen.
Royal flush
Royal Flush er den beste hånda du kan sitte med i poker. Det er fire forskjellige måtar å oppnå denne hånda på. Du kan få den i hjerter, ruter, kløver og spar. I texas holdem er det fem kort som gjelder, og når kortstokken inneheld 52 forskjellige kort, gir dette 2598960 mulige kombinasjonar av fem kort (sidan eit kort ikkje kan brukast fleire gonger). Tar ein då og deler 2598960 på fire, finn ein ut at det er 0.0002 % sjanse for å få royal flush. Eller statistisk sett får du royal flush 1 av 649740 gonger.
Igår når me spelte vår vekentlige runde med texas holdem, fekk Tor Sverre A-10 kløver på hånd. Han høyna med 200 før flop, alle kasta seg. Han ville sjå kva som kom i flopen likevel. Der kom KJQ kløver. Han hadde dermed fått royal flush på flopen.
South Beach

Blei anbefalt å sjå denne serien tidligare i veka. Handler om to karar som flytter til South Beach for å slå seg fram. Etter å ha sitt to og ein halv episode, kan eg faktisk anbefala denne serien vidare. Meir informasjon om serien finn du på imdb.com.
Tøfler
Sidan alle dei andre bebuarane i Paradis har fått seg fint innendørs fottøy for vinteren, var det på tide at eg tok opp konkurransen om å ha dei tøffaste tøflene i heimen. Eg googla “tøfler”, og kom fram til nokre særs billige tøfler hjå SparKjøp. Det praktiske her er at SparKjøp ligger så og sei rett over vegen. Eg tok turen bort, så nå sprader eg stolt rundt i mine varme og gode tøfler som kun kosta meg 49,50,-.
Har nå prøvd tøflene i rundt 10 minutt, og kan anbefale dei til evt. andre kalde føtter.
King Kong…

…var lang, men hadde definitivt sine augneblink.
Eyetoy play3

Etter ein runde med poker, var det klart for heftig fysisk utfoldelse. For dette blei du verkeleg sleten av. Eg, Anders og Tor Kåre starta det heile med 100meter flatt, der du skulle springe ved å slå hendene opp og ned fort. Store startvanskar førte til at min karakter brøyt halveis i løpet. Neste øvelse var spydkast. Nå skulle du springe på samme måten, og gjere ein kastbevegelse idèt du skulle kasta. Det enda opp i ny rekord på første kastet. Men dessverre kom Møgedal og slo med meg seks fattige cm. Etter et par øvelsar til, og melkesyra meldte seg verkeleg, var det klart for 4×100 stafett! Eg veiva med armane som ein galen, og kom fort opp i leiinga. Og skulle jo selvfølgelig ikkje gi meg, eg vifta og veiva meg heilt fram til siger. NÅ var eg sleten. Anders stakk av med sammenlagtsigeren.
Då eg trudde armane mine ikkje klarte meir, skulle me nå spele ein ny modus - og slik holdt me på ei god stund til. Hadde store problemer med å løfte opp glaset for å drikke litt etterlengta brus. Nå skal eg ned i hallen å trene litt ball. Med mine “eyetoy”-armar kan det bli ei relativ ymsen trening. Ha ein fin dag!
Godt nyttår!
