Arkiv for December, 2005

Den store vodkatesten

Vodkatesten
Etter inspirasjon frå juleøltestenhansmagne.com, overtok eg (og Svandal) stafettpinnen, og gjennomførte den store vodkatesten. Etter mang ein diskusjon rundt vodkabordet, er nå den sårt sakna testen her. Kva er eigentleg best?

Den 2.juledag 2005, etter lang bearbeidelse med forsøkspersonar og førebuingar, møtte ein seriøs og livat gjeng opp hos herr Kjellsen for å ofre kvelden i vitskapens teneste. Testen blei gjennomført med stor entusiasme og glød. Me var seks personar som deltok i testen, der kvar testperson møtte opp med ei flaske vodka. Det ga oss seks forskjellige typar vodka. Eg kan nå med stor glede presentera resultata av den store vodkatesten.

Les heile artikkelen »

12/28/2005 | Testar, Generelt | 13 kommentarer

Gledeleg jul!

God jul!

12/23/2005 | Generelt | 7 kommentarer

BK Tromsø - Randaberg 0-3

Vant igår toppkampen som skulle avgjere kven som kunne ta juleferie på tabelltopp. Med settsiffera 25-23, 25-17 og 25-21 kontrollerte me heile kampen.

- “Juleferie på tabelltoppen” - Randaberg.net

12/18/2005 | Volleyball | 1 kommentar

Vinner av bordtennisturneringa 2005

PS2
Idag vant eg den prestisjetunge juleturneringa i bordtennis på skulen, og kunne rusle heim med ein ultraslim playstation 2 under armen. Etter ein relativ lett vei fram til semifinalen, skulle eg nå møte mykje hardare motstand. På andre side av nettet stod Adnan med sjølvtillit som aldri før. Han gjekk rett opp i leiinga, og før eg kom til hektene leda han 6-2. Klatra meg sakte, men sikkert innpå og klarte å snu det heile til 11-9 i min favør. Andre settet var jamnt heile tida, men drog det iland med seier 11-8.

Etter å ha bivåna ein særs jamn og velspelt semifinale mellom Kristian og Kurt, må eg sei nervene begynte å trenga seg på. Kurt vant 16-14 i tie-break over Kristian, og det var nå klart for finale mellom meg og Kurt. Her la eg ingenting i mellom og styrte kampen frå start til mål. Med full fokus på det sportsliga vant eg komfortabelt 2-0 (11-3, 11-3).

Førstepremien som var ein slik liten playstation 2 med heile 3 spel kom som ein verkeleg positiv overraskelse. Følgande spel fulgte med: SSX 3, Burnout Revenge og FIFA Football 2005. Det spelet eg egentlig har mest lyst på, Buzz, kan ein vinne på kveldens quiz på kroa. Om eg rekk det, skal eg prøve å kome meg ned fortast mulig etter trening ikveld.

Takk for ei underhaldande og kjekk turnering. :-)

12/08/2005 | Generelt | 21 kommentarer

No more Canon Ixus i

Ixusi
Mitt litle, fine og gode kamera har nå slutta å fungere. Eg sendte det inn i håp om å få noko på garantien, men idag forsvant alt det som var igjen av håp. Fekk mail om at eg måtte betale 1906 kroner om dei skulle reparere skaden. Ein får eit nytt kamera til under den prisen, så det er nok ikkje aktuelt med reperasjon.

12/07/2005 | Generelt | 5 kommentarer

“Stresset? Spis sukker”

SukkerI følge dagbladet er mellommåltider med sukker god medisin. Forskerar har visst på et eller anna vis funne ut at sukker motvirker stress. Eg har av den oppfatning at eg sjeldan, eller aldri stresser noko særlig. I artikkelen “Stresset? Spis sukker” som vart skrive i dagbladet, har du kanskje fasiten på nettopp dette.

Denne artikkelen føyer seg kun inn i rekka over alle dei positive gledane ein har ved å innta f.eks store mengder cola og andre fine ting. Dette er spesielt aktuelt i desse eksamenstider, då tusenvis av norske studentar stresser seg skvatt ihjel. Mi oppfordring til alle desse, og evt. andre som blir lett stressa; unngå stress - drikk cola.

12/06/2005 | Generelt | 11 kommentarer

Full pott i helga

Lørdag 3. desember
Førde - Randaberg 1-3 (21-25, 25-23, 23-25, 25-16)
- “Seier mot Førde” - Randaberg.net
- Poengstatistikk

Søndag 4. desember
Nyborg - Randaberg 0-3 (17-25, 23-25, 15-25)
- “Fantastisk helg!” - Randaberg.net

Er nå oppe à poeng med BK Tromsø på toppen av tabellen. Kun ett sett skiller oss frå førsteplassen. Neste helg er det semifinale mot Nyborg i cupen, mens helga etter det er det toppkamp mot BK Tromsø, som skal avgjere kven som kan ta juleferie på tabelltoppen.

12/05/2005 | Volleyball | 17 kommentarer

1. desember

1Nå har me akkurat bikka over i den siste månaden i året; desember. Dette betyr at veldig mange vil idag åpne den første luka i julekalenderen sin. I Stavanger ligg snøen, og eg er verkeleg komen i julestemning. I den anledning har eg dekorert litt her på sida, som du kanskje har lagt merke til.

Einaste som følger med denne månaden er eksamenar. Har dei siste dagane prøvd å vera flink student, der eg bl. a har lest, notert og koda langt inn i dei seine nattetimar. På fredag, 2. desember, har eg den siste eksamenen min før jul. Det skal bli godt. Med det set eg foreløpig strek og ønsker alle ein rektig så god desembermåned!

12/01/2005 | Generelt | 7 kommentarer

  •  
  •