Ride the wild surf

Lagt til 30.10.2005. Arkivert under: Surfing

Gjermund surfeskadeGjermund blei idag kåra til dagens mest uheldige mann.

Nå som vinteren nærmar seg, begynner (som sagt) bølgene å ta seg kraftig opp langs strendene på Jæren. Og når bølgene blir store, kan ting gå litt vilt for seg for oss nybegynnerar. Ved plutselig uanmeldte store bølger, kan du oppleve litt vasking. Gjermund fekk seg et par trøkkar idag. Først gjekk han rett i botn, og blei litt ‘øren’ i hovudet. For så å etterpå få sitt eget brett rett i pannen etter ein liten vasketur. Et lite (eller litt større?) kutt vart resultatet. Ambulansemann Ivan hadde litt forskjellig småknask i bilen sin, og fekk delvis ordna opp i det. Hadde ‘mossen’ hatt skikkelig uflaks, hadde han vel ramla ned herifrå også. Men det gjekk heldigvis godt.

Ellers kan eg meddela at det fortsatt er varmt og godt i vatn og luft, slik at ein slepper å bruke hette. Observerte faktisk fleire der ute som verken brukte sko/sokker, eller vetter/hanskar, men det syns eg var litt vel dristig så seint i oktober.

Tittelen på dagens post kom frå den sikkert meget gode filmen “Ride the Wild Surf” frå 1964. Ein 40 år gammal surfekomedie har eg verkeleg trua på. :-)

Randaberg – Lier 3-1

Lagt til 29.10.2005. Arkivert under: Volleyball

Vant idag oppskriftsmessig 3-1 mot Lier i Randaberghallen. Åpna med å feie de av banen 25-13 i første settet. I andre settet hadde me god kontroll heile tida, før me plutselig klarte å rote det vekk, og Lier vant det settet 26-24. Vant tredje settet knapt, men tok siste sett med god margin.

- Tabellen
- “Randaberg vant, men imponerte ingen” (Randaberg.net)
- “Randaberg slo Lier” (Stavanger Aftenblad)
- “Kjemperud roet nervene” (Stavanger Aftenblad)

Her kommer (kanskje) vinteren

Lagt til 27.10.2005. Arkivert under: Surfing

Bore
Fordi om vinteren nærmar seg med stormskritt, er surfesesongen langt fra over. I følge rutinerte bølgeridderar, er det visst om vinteren surfinga er best her i landet. Men uansett kor bra forhold det blir, vil det uansett bli fryktelig kaldt i vatnet.

Var ute på Bore igår, og ein kjente godt det kalde vatnet i ansiket. Kanskje snart på tide å ta i bruk den fancy hetta som fulgte med i surfepakken. Men ifølge Storm Weather Center vil me kunne få temperaturar opp mot 23 grader på vestlandet imorgen, så då kan me forhåpentligvis vente litt til med å utstyre seg med topp-til-tå-utstyr :)

Avansement i cupen

Lagt til 23.10.2005. Arkivert under: Volleyball

Første runde i Norgescupen gjekk av stabelen i helga, der møtte me KFUM Stavanger og Klepp. Møtte først KFUM Stavanger og slo dei oppskriftmessig 3-0. Det blei også ein solid 3-0-siger over Klepp seinare på dagen.

Surfest* på Bore

Lagt til 17.10.2005. Arkivert under: Surfing

Surfehelg
I helga var det tid for ei helg som seint blir glømt. Mads hadde invitert ein god gjeng fra Norges idrettshøgskule til å bli med på surfetur til Jæren. Med strålande vær og godt humør, blei det fullklaff. Ettersom kamera mitt fortsatt har det litt vondt, måtte eg ty til mobilkamera. Litt ymse bildekvalitet i mørkret, men det får ein vel klare å leve med.

Hans Magne har skrevet litt om turen, samtidig som han også har lagt ut ein del bilder som Kjetil tok. Mine bilder kan du sjølvsagt finne i fotoalbumet.

*’Surfing’ og ‘fest’ blei heilt uanmeldt slått samen til dagens ord; Surfest.

Hellandsnuten

Lagt til 11.10.2005. Arkivert under: Reiser/Turar

hellandsnuten
Er heime på “haustferie”, og bestemte meg heilt plutselig for å gå meg ein tur til Hellandsnuten idag. Med over 20 grader i skyggen, låg alt til rette for ein god tur. Tok med meg ei halvliterflaske med vatn og telefonen min. Fekk knipsa et par bilder, så dette kan òg vera ein slags test for mobilkameraet.

Eg har lagt ut to bilder med full oppøysing; det eine er av ein bekk på turen opp, mens det andre er av sjølve nuten rett før toppen. Ellers har eg lagt ut fleire bilder i fotoalbumet under Reiser og turar/Hellandsnuten – 11.10.05