Var ute tre dagar på rad i veka. Fekk knipsa litt bilder ifrå Sele, heilt til kamera plutselig ikkje ville meir. Meinte det ikkje fekk vatn på seg, men kanskje det var ein liten kombinasjon av litt vatn og litt sand. Skal nå prøve å få det på garantien, men tviler egentlig. Vidare var me på Hellestø og Bore. Eg storkoste meg på Hellestø, der det var fin sandstrand og langgrunt. Surferane som har vore i aksjon denne veka er meg, Olav, Bjarte, Kjetil, Mads og Ivan. 
Nå har me nettopp spelt oss til to seirar i Vestcup, og då skal det feirast med lammelår med noko attåt. Drange & Helland sine kokkeleringskunnskaper ser ut til å sprenge alle forhåndsdefinerte grenser. :-)
Bilder:
Sele – 22.september

På torsdag gjekk eg til innkjøp av ein SE w800i. Har fått testa den ut til nå, og er særs nøgd. Fantastisk lyd i øyrepluggane, og et finfint oppsett for mp3-spelaren. Kamera er faktisk nokså dugande, og når den blei levert med minnekort på 512mb klarer du deg ei stund.
Reiser ikveld/natt til Danmark for å spele ei ny oppkjøringsturnering. Denne gongen i Middelfart, der me er i gruppe med et topplag frå sverige; Örkelljunga, og et topplag frå danmark; Marienlyst. Me reiser med grovt rekna ca 10 mann, og er relativt klare for å slå desse laga. 






