Resultater fra Polen

Lagt til 12.08.2005. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

Norge – Polen : 0-3
1. 19-25
2. 14-25
3. 16-25

Polen spelte stort sett med sitt beste mannskap, og viste at det er lang vei opp. Men til tider spelte me nokså jevnt mot dei, og klarte å pressa dei på dei fleste områder. Eg kom inn i mottak, samtidig som eg prøvde å få opp ein forsvarsball og to. Ikkje alltid så lett med ein psykadelisk diagonal som slår langt der oppe. :–)

Norge – Nederland : 0-3
1. 14-25
2. 12-25
3. 13-25

Spelte heilt klart ein mykje dårligare kamp enn igår. Idag var det lite som stemte, som du kan sjå ut ifrå resultata. Nå skal me gå å sjå Polen mot Kina.

Norge – Kina : 0-3
1. 17-25
2. 23-25
3. 15-25

Idag spelte me mykje bedre, samtidig som eg spelte heile kampen som libero!

På plass i Polen

Lagt til 10.08.2005. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

polenhallHar nå allerede hatt ei treningsøkt i den fine hallen du ser på bilde her. Det er tribunar alle veier, og må ta ein god del fleire folk enn Suldalshallen. :–) Var litt merkelig å trene i ein så stor hall, men du blir nok vane med det også. Me er i byen Olsztyn, som var ein 3-4 timer bussreise frå Warszawa. Guiden sa at det visst nok var ein nokså flott by.

Når eg la meg ned i senga på hotellrommet for å sjekke ut tv-forholda, var det første eg såg på ein kanal reklame for at me sko spela mot Polen på fredag. Så dette lover jo godt. :–) La med et bilde eg tok rett etter trening idag.

Kommer tilbake med fleire bilder og ein god resultatservice.

Saudasnurr

Lagt til 08.08.2005. Arkivert under: Generelt

saudasnurDå Helge inviterte til grillfest, var eg ikkje vanskelig å be. Det vart flotte flintsteikar og det som betre er. Grillmester Svandal viste plutselig lovande kokkeluring. Einaste eg har å tilføye, er at eg kanskje mistenker grillmesteren for å krydre flintsteiken med ett eller anna mystisk. Dette fordi eg plutselig blei noko halvslakk utover kvelden. Morgonen etter viste Svandal meg både volley- og trampolineskillz som skil seg ut i verdssamanheng.

Når eg har kamera med, og Svandal er i nærheten, er det alltid like greitt. Fordi bildene, ja – dei skal han ta. Så slepp eg slikt og. :–)

Til Polen i minneturnering

Lagt til 06.08.2005. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

polenEg er blitt tatt ut til å representere Norge under ei minneturnering i Polen!

Saksa fra volleyball.no:
Det norske herrelandslaget skal delta i en prestisjefull toppturnering i Polen. Bakgrunnen er at dette er en turnering for fire topp internasjonale lag og at Cuba har trukket seg, Norge overtar Cubas plass! Turneringen er en minneturnering for den meget dyktige polske treneren, Jerzy Hubert Wagner, som bl. annet ledet Polen til olympisk gull i Montreal 1976.Dermed deltar Norge sammen med stormaktene Polen, China og Nederland i en turnering der det spilles volleyball i en annen dimensjon. Media og publikum skaper en helt spesiell ramme rundt turneringen og alle kampene blir sendt i TV.

Dette blir nok ein fantastisk opplevelse, der me får spela kampar mot nokre av verdas beste volleyballspelerar. Eg reiser til Warszawa 10. august og kjem att den 15. August.