Arkiv for August, 2005
I bølgene med nytt brett!
Idag gjekk eg det siste skrittet og kjøpte meg ein surfepakke. Der var både våtdrakt, sko, hansker, hette, voks, genser og selvfølgelig et New Surf Project-surfebrett inkludert.
Eg, Hans Magne, Bjarte og Kjetil var på Bore ikveld. Til tider mange bra bølger, men mistenker Bore for å ha mange mystiske undervannsstrømmar, for det er et fæla kav å komme seg fram i vatnet. Kom meg sånn delvis opp på brettet inniblant, så nå er det bare å øve. Imårå kommer Gjermund til Stavanger og er klar for å slå seg på bølgene. Han gleda seg som ein unge, og skulle rett ned på surfsentrum å handle seg brett. :–)
Ein søndag på Bore
Meg, Olav, Hans Magne, Bjarte og Ivan var ein tur på Bore idag. Cato var med som ivrig tilskodar og fotograf. Imorgen trur eg dessverre at eg må levere inn brettet mitt, klarte å fikse ein god deal på fem dagar. Det blir fort dyrt om du skal leige deg brett kvar gong. Idag gjekk det alt for lang tid mellom kvar bølge, derfor blei det mykje dødtid, og ekstremt med unødvendig padling. :–)
Polen i bilder
Har sortert ut et lite utvalg bilder frå Polen. Her er bilder frå mange forskjellige fotografar, deriblant meg sjølv, Marius, Arne, Tore, Dag Inge og Anders. Det var så ufattelig mange bilder i alt, så det var vanskelig å velge ut. Det kan sikkert sjå litt ut som eg bare tok et par her og et par der.
Kan fortelle at det var ein flott tur, med mange store opplevelsar, der publikum, fans og alt, ja - det var bare heilt surrealistisk.
Opera Mini
TV2 og Opera har nå lansert ein ny browser, som gjer det mulig å surfe på ein heilt anna måte på mobiltelefonen (Om du har symbiantelefon, vil det ikkje skje noko revolusjonerande). Etter å ha lest litt rundt om denne geniale browseren som støtter java og gprs, måtte eg til slutt prøve. Opera Mini klarer å forvandle “store”, vanlige websider om til små sider som passer flott i din telefon. Til og med på min gode gamle SE t610 fungerer dette her knirkefritt.
Komme igang:
- Send ‘opera mini’ til 1984
- Du får ein sms, eller et bokmerke
- Trykk på linken, og last ned
Førsteinntrykket er bra. Du møter ei startside alà de fleste startsider med nyheter, sport og slikt i regi av tv2. Navigeringa skjer ved at du trykker opp og ned når du skal navigere deg skrittvis, samtidig som du kan bla heile sider med å trykke til venstre og høgre. Vidare er det ein lett og brukarvennlig meny med underpunkta: “Skriv inn adresse”, “Bokmerker”, “Startside”, “Verktøy”, og “Avslutt”.
Det første eg gjorde var å skrive inn “omhelland.com”, og relativt kjapt kom sida opp med små bilder, samt lett og leselig tekst. Om du vil kan du velge vekk at den skal laste bilder. Du kan òg krysse av for “hoppe direkte til brødtekst”, for å få surfinga rimeligare og meir effektiv.
Les meir om Opera Mini:
- amobil.no
- itavisen.no
- digi.no
- computerworld.no
Surfedebuten
Idag blei eg med surfegutta ut til Borestranda for å prøve dette sjølv. Lånte våtdrakta til Hans Magne, og lånte eit langt brett på Surfsentrum. Det skulle visst være lettare med et så stort brett. Med godt mot padla eg meg utover på jakt etter godbølgene. Begynte vel aldri heilt å få ting til, men klarte faktisk å komme meg oppå beina eit par gonger. Ellers var det greitt å bare ligge på brettet å surfe bølger også. :–) Det var meg, Bjarte, Kjetil og Ivan som tok turen. Kjetil hadde med seg ein nyinnkjøpt drage, som også vart testa på den flotte stranda. Noko skeptisk holdt eg god avstand, då dragen styrta ned i sanden opptil fleire ganger. Til slutt hadde dei vel rimelig god nok kontroll til at eg kunne holde meg sånn nokonlunde i nærheten…
Om du vil, kan du sjå eit par bilder frå begivenheten.
Stemingsbilde
Resultater fra Polen
Norge - Polen : 0-3
1. 19-25
2. 14-25
3. 16-25
Polen spelte stort sett med sitt beste mannskap, og viste at det er lang vei opp. Men til tider spelte me nokså jevnt mot dei, og klarte å pressa dei på dei fleste områder. Eg kom inn i mottak, samtidig som eg prøvde å få opp ein forsvarsball og to. Ikkje alltid så lett med ein psykadelisk diagonal som slår langt der oppe. :–)
Norge - Nederland : 0-3
1. 14-25
2. 12-25
3. 13-25
Spelte heilt klart ein mykje dårligare kamp enn igår. Idag var det lite som stemte, som du kan sjå ut ifrå resultata. Nå skal me gå å sjå Polen mot Kina.
Norge - Kina : 0-3
1. 17-25
2. 23-25
3. 15-25
Idag spelte me mykje bedre, samtidig som eg spelte heile kampen som libero!
På plass i Polen
Har nå allerede hatt ei treningsøkt i den fine hallen du ser på bilde her. Det er tribunar alle veier, og må ta ein god del fleire folk enn Suldalshallen. :–) Var litt merkelig å trene i ein så stor hall, men du blir nok vane med det også. Me er i byen Olsztyn, som var ein 3-4 timer bussreise frå Warszawa. Guiden sa at det visst nok var ein nokså flott by.
Når eg la meg ned i senga på hotellrommet for å sjekke ut tv-forholda, var det første eg såg på ein kanal reklame for at me sko spela mot Polen på fredag. Så dette lover jo godt. :–) La med et bilde eg tok rett etter trening idag.
Kommer tilbake med fleire bilder og ein god resultatservice.
Saudasnurr
Då Helge inviterte til grillfest, var eg ikkje vanskelig å be. Det vart flotte flintsteikar og det som betre er. Grillmester Svandal viste plutselig lovande kokkeluring. Einaste eg har å tilføye, er at eg kanskje mistenker grillmesteren for å krydre flintsteiken med ett eller anna mystisk. Dette fordi eg plutselig blei noko halvslakk utover kvelden. Morgonen etter viste Svandal meg både volley- og trampolineskillz som skil seg ut i verdssamanheng.
Når eg har kamera med, og Svandal er i nærheten, er det alltid like greitt. Fordi bildene, ja - dei skal han ta. Så slepp eg slikt og. :–)
Til Polen i minneturnering
Eg er blitt tatt ut til å representere Norge under ei minneturnering i Polen!
Saksa fra volleyball.no:
Det norske herrelandslaget skal delta i en prestisjefull toppturnering i Polen. Bakgrunnen er at dette er en turnering for fire topp internasjonale lag og at Cuba har trukket seg, Norge overtar Cubas plass! Turneringen er en minneturnering for den meget dyktige polske treneren, Jerzy Hubert Wagner, som bl. annet ledet Polen til olympisk gull i Montreal 1976.Dermed deltar Norge sammen med stormaktene Polen, China og Nederland i en turnering der det spilles volleyball i en annen dimensjon. Media og publikum skaper en helt spesiell ramme rundt turneringen og alle kampene blir sendt i TV.
Dette blir nok ein fantastisk opplevelse, der me får spela kampar mot nokre av verdas beste volleyballspelerar. Eg reiser til Warszawa 10. august og kjem att den 15. August.

