Flaggstunt

FlaggstuntI fem veker jobba eg i teknisk drift i Suldal kommune, der eg i utgangspunktet skulle drive med kummeregistrering. Det blei med fire registrerte kummar, og langt fleire klipte plenar. Iallefall; den 20. juni blei Kronpris Haakon Magnus ett år eldre, og Bjarte fekk i oppgave å heise flag for “krompen”.

Når me (eg, Olav og Kjetil) måtte hjelpe til med nedfiringa fant med ut at det eine flaget var hengt opp på ein relativ mystisk måte. Bjarte meinte då at det var formannen der nede som hadde hengt opp dette flaget. Det var kun èin tau nede, så nedfiring blei litt vanskelig. Samtidig var det knytta fast heilt oppe på toppen. Etter mange tarzanstunt, stigeklatring, flaggstongvingling, blei me samde om å skru ned heile stanga og velte den over taket, slik at flaget kom ned før solnedgang. :–)

Sjå bildene frå denne litt spesielle nedfiringa.

07/20/2005 | Uncategorized | Kommentarer

3 kommentarer to “Flaggstunt”

  1. Ole Martin skreiv: - 07/20/2005

    Dei kom visst idag likevel. Litt meir utdjuping av kva som egentlig skjedde kjem imårå, samt ein underhaldane film fra Velatarzan. :-)


  2. Gamle Bry'n skreiv: - 07/21/2005

    ka i hulaste? :)


  3. Svandal skreiv: - 07/21/2005

    Ka i hulaste? :)


Legg igjen ein kommentar