Arkiv for July, 2005

Suksess i Øystese

oysteseDet blei seier i fantaturneringa i Øystese. Aarhusen spørte meg for ei stund si om eg ville bli med å spele denne turneringa med han, og då måtte eg selvfølgelig sei ja. Det var ein fin road trip opp til Øystese. Med strålande vèr og nokså varierande spel frå vår side, spelte med oss heilt fram til seier. Det blei 1100 kroner og 50 nye rankingpoeng :–)

Våre kampar:
Helland/Aarhus - Wergeland/Storebø : 2-1
Helland/Aarhus - Nyland/Rykkje : 2-1
Helland/Aarhus - Bentsen/Birkeland : 2-0
Helland/Aarhus - Olsen/Håland : 2-0 (Semifinale)
Helland/Aarhus - Wergeland/Storebø 2-1 (Finale)

Nokre bilder blir lagt ut, når eg får henta kamera mitt som ligg i bilen til Arne.

07/31/2005 | Volleyball | 4 kommentarer

Texas hold’em

pokerEtter at eg la pokerkarrieren min på is seint på nittitallet, var det nå på tide å dra fram pokerfjeset igjen. Eg var vane med heilt “vanlig” poker, der du får utdelt fem kort, og du kan svi, brenne og det som værre er for å oppnå det beste resultatet. Nå er «Texas hold’em» den mest brukte varianten. Den enkle versjonen; du får utdelt to kort på hånd, samtidig som det kan være maksimalt fem kort på bordet. Ut av desse sju korta, kan du komponere den beste hånda. Du kan satse ca. heile vegen, så det kan fort bli store pottar.

Det var meg, Mads, Gjermund og Aleksander (kamerat av Gjermund frå Porsgrunn), som var pokerspelarane rundt det runde bord. For min del starta det skikkelig dårlig. Hadde aldri flaksen på mi side, men etterkvart som væskebalansen kom i orden, fekk også eg kort til å dra inn fine pottar. Men det er ikkje til å stikke under ein krakk, at vinnarane blei Gjermund og Aleksander. Heldigvis var det ikkje enorme summar det vart spelt om. :–)

07/28/2005 | Generelt | 8 kommentarer

På tur i fjellheimen

SnokasseHer ein lørdag skulle me ha ein liten festlighet på Bjørkaren, og då måtte me jo selvfølgelig hente litt snø, slik at den væska ein mest sannsynleg skulle innta iløpet av kvelden skulle vera skikkelig kald. Dermed satte me avgårde på ein liten biltur opp i retning snø. Flott natur og fine fossefall prega landskapet der oppe mot Blåsjø og der omkring.

Med strålande sol, blei det ei fin helg. Men bare nokre dagar i forvegen var det ei kraftig haglbøye som kom ut ifrå intet. Nokså uvanlig i Juli vil eg påstå. :–)

Bilder:
- Julihagl
- Tur i fjellheimen

07/26/2005 | Reiser/Turar | 3 kommentarer

Flaggstunt

FlaggstuntI fem veker jobba eg i teknisk drift i Suldal kommune, der eg i utgangspunktet skulle drive med kummeregistrering. Det blei med fire registrerte kummar, og langt fleire klipte plenar. Iallefall; den 20. juni blei Kronpris Haakon Magnus ett år eldre, og Bjarte fekk i oppgave å heise flag for “krompen”.

Når me (eg, Olav og Kjetil) måtte hjelpe til med nedfiringa fant med ut at det eine flaget var hengt opp på ein relativ mystisk måte. Bjarte meinte då at det var formannen der nede som hadde hengt opp dette flaget. Det var kun èin tau nede, så nedfiring blei litt vanskelig. Samtidig var det knytta fast heilt oppe på toppen. Etter mange tarzanstunt, stigeklatring, flaggstongvingling, blei me samde om å skru ned heile stanga og velte den over taket, slik at flaget kom ned før solnedgang. :–)

Sjå bildene frå denne litt spesielle nedfiringa.

07/20/2005 | Generelt | 3 kommentarer

Litla Jåvatnet

JaavatnetLeste i Suldalsposten idag at det var 25 grader celsius i det minste Jåvatnet i Kvildal. 25 grader hørtes så altfor mykje ut, og eg måtte då undersøke dette nærare. Ingrid og eg tok turen opp, og fekk ein verkeleg positiv overraskelse; Suldalsposten må nok ha korrekte opplysingar. Det var rett og slett herlig. :–)

Tok to-tre (seks?) bilder frå begivenheten, der me viser fin hoppe- og stupeteknikk.

07/13/2005 | Reiser/Turar | 1 kommentar

WLAN på Helland!

WirelessEtter at Hans Magne sendte ein ruter i posten, har det nå blitt trådlaus sone også på Helland. Testa den ut med å sette meg på terassen hjå Ole Carsten, der signala var sterke og gode. Vidare skal det visst også bli IP-telefoni her heime. Det skjer altså stadige tekniske forbedringar.

Ellers går dagane i jobbing 0730-1500, og påfølgande Tour de France-sjåing til rundt 1730. Litt turgåing, bading er også inne i bildet. Det har blitt minimalt med beach i det sista, grunna særs lite folk i området .

07/12/2005 | Teknologi | 6 kommentarer

Bilder frå Eriksmoen

Ungkarsfestival2005

07/10/2005 | Generelt | 2 kommentarer

God som ny

TelefonoperasjonI fjor fekk eg ny telefon etter at eg hadde opplevd same feil (mikrofontrøbbel) tre gonger. Eg har i det sista merka dei same symptomene på den nye telefonen.. Då måtte noko gjerast, og eg tok saken i egne hender (delvis Kjelli sine også). Kjelli hadde torx(ks?)-skrujern, som funka til å flekke opp min gamle gode SE t610. Etter litt miksing og triksing med kontaktflatane ved mikrofonen, samt litt rensing, var den klar for å bli lappa samen igjen. Den fungerer nå strålande, og har sjelden vore bedre. :–)

Dette er eit kjent problem for t610-eigerar, og etter mine erfaringar råder eg faktisk folk til å fikse det sjølv. Om du vil kan du jo sjå litt på bildene frå operasjonen.

07/06/2005 | Teknologi | 3 kommentarer

Vikedal og festival

Spelte idag Fanta Open Vikedal. Bjarte ringte meg i dag tidlig og sa at han ikkje kunne spele, han var rett og slett for dårlig. Med influensa, feber og det som værre er ba eg han om iallefall å prøve. Så då tok me turen likevel. Vidare har det vore ungkarsfestival, der eg var oppe både fredag og lørdag. :–)

Kom på ein respektabel 7.plass med tanke på omstendighetene. Hadde et drøss i matchballar (les 2) i siste kampen mot Quarre/Tannes-Fjeld; det var skikkelig surt å tape 16-14 i tie-break då me hadde 14-12 på dei. I første kampen tapte me også knepent for Numme/Schei 1-2. Fekk walk-over i første loosers-runde og slo Wergeland/Storebø 2-0 etterpå.

Litt bilder frå festivalen kommer når eg finner ein kabel.

07/03/2005 | Volleyball, Generelt | 2 kommentarer

  •  
  •