Lokal turnering

Lagt til 06.06.2005. Arkivert under: Volleyball

Fanta open sandSom ei oppkjøring mot fanta open Sand, arrangerte me ei lita lokal turnering med fire lag. Me kjørte ei king-turnering med lag. Dei som stilte var Helland/Helland (Ole Martin/Bjarte), Helland/Svendsen(Hans Magne/Jørgen), Nilsen/Andersen(Tore/Øyvind) og dei som skal representere Norge i u20-EM, Dale/Nesse(Dan Inge/Espen). Helland/Helland gjekk av med sigeren, uten eit einaste sett-tap. Helland/Svendsen kom på ein god 2.plass med to sigerar, Andersen/Nilsen på 3.plass med 1 siger, mens Dale/Nesse måtte legge tre tap bak seg.

- bildet er henta frå fanta open Vikedal (Nils Nes og Alf Vagle i duell)

Ei lita oversikt over våre kampar (Helland/Helland):
Helland/Helland – Dale/Nesse : 21 – 9
Helland/Helland – Helland/Svendsen : 21-18
Helland/Helland – Andersen/Nilsen : 21-16

Sluttstilling:
1. Helland/Helland
2. Helland/Svendsen
3. Andersen/Nilsen
4. Dale/Nesse

Sandsesongen er i gang

Lagt til 05.06.2005. Arkivert under: Volleyball

Eller direkte oversatt; strandsesongen er i gang. Juni (Måneden, men akk, ja – også Anker Hansen) har tatt oss med storm, og eg har allerede fleire økter med beach bak meg i Vestbøhallen. Nytt for året er fanta open Sand, som arrangeres i forbindelse med Ryfylke dagane 10-12 Juni. I den anledning har eg fått med meg Bjarte til å spele litt. Fanta open er navnet på sandvolleyballturneringane i regi av volleyballforbundet som blir arrangert rundt om i heile landet. Fantaturneringane er delt opp i to forskjellige nivå; 1 og 2. Det er fanta open 2 som går av stabelen på Sand. Me veit forholdsvis lite om laga som kjem, og er forberedt på det meste. Er stort sett mest fornøyd med at det er Kurt Nilsen som står for underholdninga på kveldstid.

Etter at me har spelt på Sand, får me sjå kor mange slike turneringar me får med oss. Om du vil kan du studere ei oversikt over alle fantaturneringane.

Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith

Lagt til 02.06.2005. Arkivert under: Film/TV

Star Wars III: Revenge of the sithFor ikkje lenge siden såg eg de gode gamle klassikerane; “Episode 4 – A new hope“, “Episode 5 – The empire strikes back” og “Episode 6 – Return of the jedi“, og blei verkeleg positivt overraska. Med mange geniale karakterer, ein flott historie og med god regi blei filmane godt mottatt. I 1999 ga Lucas ut sin fjerde film i rekka, “Episode 1 – The phantom menace“, og det var begynnelsen på ein ny epoke med Star Wars. Etter lunkne erfaringar etter den filmen, brydde eg meg aldri med å sjå den neste filmen i rekka “Episode 2 – Attack of the Clones“. Derfor hadde eg ingen store forhåpningar til “Revenge of the sith“:

Les heile artikkelen »

1. juni og nyklipt

Lagt til 01.06.2005. Arkivert under: Generelt

Nyklipt oliDå mitt forrige frisørbesøk var tidlig ein desemberdag i 2004, var det på tide å få fjerna litt hår igjen – for så å la det gro ut fram mot påsketider 2006, ellerno. Etter å ha klipt av eit par kilogram med hår, må ein jo håpe på at rekkevidden har økt betraktelig, slik at beachøkta går som ein lek idag. Til tross for at det er 1.juni, har me fortsatt lagt dagens beach innendørs. I skrivande stund er det 13 grader celsius ute, noko eg syns er forholdsvis kaldt på desse tider av året. Men for all del, å spele utendørs i 13 grader er dog ingen problem.

Planen for kvelden vidare er å sjå “Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith“.