Svaret på all orddeling?
Ingrid driver å leser til norskeksamen, og da eg skulle engasjera meg litt, kom denne orddelinga til syne. Dei hadde fått utdelt pensumliste, og i dèt eg styrte mine auge mot papiret kom det mot meg: “PENSUM LISTE”. Til tross for at diskusjonen “Ja til frivillig orddeling” går på digi.no, er eg evig motstandar av dette fenomenet. Det einaste gode som kommer ut av orddelinga er morsomme setningar. Som f.eks “Tunfisk biter i vann“, som står så fint på tunfiskboksen. Og når netcom annonserer med “Tyveri sikret” i sin mobilkampanje, trekk ein litt på smilebandet.
Dei einaste personane som burde ha kontroll på dette her, burde vel strengt tatt vore norsklærerane. Set ein dette grundig på spissen, kan ein trekke fram norsklærerane når ein ser at tunfisken plutselig blir farlig i vatn, og når mobilen din har garanti for å bli stjelt.
8 kommentarer to “Svaret på all orddeling?”
magnhild skreiv: - 05/29/2005
hehe, må le:)
du e løyen!!
fy skam til dagens norsklærerar!!
FiDo skreiv: - 05/29/2005
Får nå med deg alt… hehe
Valbjørg skreiv: - 05/30/2005
Ser for meg tunfisk som biter i vann….de e flinke då desse skviste rare sjødyrå:) Trur du må ta deg ein alvorsprat m godeste Bruknapp:)
Olav skreiv: - 05/30/2005
Kor ellers skal dei bita? Om ikkje i vatnet?
Ole Martin skreiv: - 05/30/2005
Dei må vel bita i vatnet om dei først skal bita. Eventuelt ein liten periode på land. Men har aldri nekta for at dei ikkje biter. Er bare litt unødig informasjon på ein boks med tunfisk. Og Valbjørg har nok stålkontroll på tunfisk :–)
Svandal skreiv: - 05/31/2005
Jessica e djup.
Valbjørg skreiv: - 06/01/2005
Trur den blonde sidå av meg kom fram der ja….viss eg legge te tunfisk biter i vann på boks?:)Ha ein fortsatt fin dag, nå e denne jentå ein eksamen og 5 dagar med stormlesing frå sommarferie:)JIPPI!!!
Ole Martin skreiv: - 06/01/2005
Du din snik :–) Her er det 19 dagar og 3 eksamenar før sommarferie. Og mulig ein lett bris med lesing, som kanskje utvikler seg til stiv kuling etterkvart. :–)
Legg igjen ein kommentar