Den store finalehelga

Lagt til 19.05.2005. Arkivert under: Generelt


Idag, torsdag, er det fagerstrandfinale, imorgen er det idolfinale og på lørdag er det eurovision- og big brother-finale. Ei fantastisk helg for tv-slavar landet over. For min del er det vel egentlig bare idol eg har sett no særlig på.

Ka er dine stalltips for finalehelga?

Overnatting på Mostøl

Lagt til 15.05.2005. Arkivert under: Reiser/Turar

Heilt plutselig bestemte eg og Arne oss for å ta ein liten tur til Mostøl for å komme seg vekk frå alt mas og fjas i denne pinsen. Me kom opp sånn midt i dagen på fredag. Etter litt innstallasjon i hytta la me i veg på bekke/elvevandringstur. Me kom attende frå utflykta svoltne som bare det – etter ein herlig gryterett tok me fram chipsen og litt pils rundt bålet. Like plutselig som me reiste til Mostøl, fekk me besøk av 3 stavangerbuear rundt bålet. Dei låg i turisthytta og skulle til Snønuten og litt slikt dagen etter. Det blei ein rektigt så hyggeleg kveld rundt bålet.

Bilder:
Reiser og turar/Mostøl – Mai 2005

Bilder frå Romania

Lagt til 12.05.2005. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

Då er eg komen vel heim, og har fått organisert litt i bildene som blei tatt der nede. Fant ut eg hadde toke ganske mange bilder, så derfor blir ikkje alle lagt ut på nett. Men det blei likevel 89 bilder. Har du lyst til å sjå absolutt alle, må du heller ta turen bort til Paradis. Har også litt filmar og slikt som heller ikkje er lagt ut pga av lite hostingplass. Trykk på linken under for å komme til bildene.

- Volleyball/VM-kval. – Romania 2005

Helsing frå Romania

Lagt til 05.05.2005. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

Heisann, nå har eg tatt telefonkabelen, plugga den i pc’en, ringt et eller anna nummer, gambla på et brukernavn, og vipps så var eg på nett! Kom til Romania på onsdagkveld etter lang flytur til Bucuresti med påfølgande lengre busstur til Tulcea. Fekk et par inntrykk av Romania på bussturen til Tulcea. Det er et skikkelig trist land. Folk kjører med hest og kjerre med skilt midt i veien, samtidig som 5 bilar i bredden er ingen problem på ein 2-felts vei. Du ser nesten fleire laushundar enn Rumenerar. Plutselig må bussen stoppe for ei ku – mens folk prøver å få deg inn på sin heimecafè, der dei skal selge deg is for 200000 lei. 1 Million tilsvarer ca 120 kroner. Men her i Tulcea er det nokså greitt. Er sikkert ein velståande By i desse trakter. Nok om det.

Me har hatt et par treningar her nede også. Sjølve kvalifiseringa skal foregå i ein hall rett her borte. Det er relativt mange sitteplasser, så får håpe på mange folk under kampane. Nå sitter eg på hotellrommet og myser ut over Donau som ligger/renner rett utforbi her. Har tatt ein del bilder på turen – dei vil bli lagt ut når eg komme heim, då det går litt tregt med modem. Men 2 bilder blei det likevel. Rekner med å være heime igjen på mandagkveld, evt tirsdag. Her er link til dei to bildene som er lagt ut:

- Meg i kvit speledrakt
- Birger, Arne og Nils ved Donau.

VM-kvalifisering i Romania

Lagt til 02.05.2005. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

Idag blei eg tatt ut til 12-mannstroppen som skal representere Norge under VM-kvalifiseringa i Romania. Me er i pulje med Romania, Kviterussland og Belgia. Det vil bli avreise Romania tidlig onsdagsmorgon. Tar sikkert ein del bilder og slikt som vil bli lagt ut i etterkant. Eventuelt så krysser eg fingre for usikra trådlaust nettverk også i Romania :–)

- Her er VM-troppen