Gratis ubegrensa sms

Lagt til 31.05.2005. Arkivert under: Teknologi

biip.noBiip.no har oppretta ein skikkelig god og brukande gratistjeneste der du kan sende så mange tekstmeldingar du bare orker. Eg har støtt bort i mange slike tjenestar før, og har kun dårlige erfaringar med reklame, kun 3 sms per dag osv. Dette har biip.no gjort noko med, og eg kan utifrå dei betingelsar eg studerte nemne følgande positive faktorar:

* Ingen forpliktelsar
* Ubegrensa antall meldingar
* Du får ingen reklame eller andre ting tilsendt
* Du får ditt nummer som avsender
* Ingen reklame i meldinga du sender
* Du kan sende 160 tegn per sms

For å få tilgang til denne, etter mi meining, flotte tjenesten, må du registrere deg på biip.no. Etter at du er registrert blir du automatisk tilgjengelig for alle medlemmer; noko som kan trekke ned. Du kan samanlikne det med f.eks dagbladet sin blink-tjeneste. . Men eg ser bort ifrå dette og kun benytter meg av gratis sms. :–)

Svaret på all orddeling?

Lagt til 29.05.2005. Arkivert under: Generelt

Ingrid driver å leser til norskeksamen, og da eg skulle engasjera meg litt, kom denne orddelinga til syne. Dei hadde fått utdelt pensumliste, og i dèt eg styrte mine auge mot papiret kom det mot meg: “PENSUM LISTE”. Til tross for at diskusjonen “Ja til frivillig orddeling” går på digi.no, er eg evig motstandar av dette fenomenet. Det einaste gode som kommer ut av orddelinga er morsomme setningar. Som f.eks “Tunfisk biter i vann“, som står så fint på tunfiskboksen. Og når netcom annonserer med “Tyveri sikret” i sin mobilkampanje, trekk ein litt på smilebandet.

Dei einaste personane som burde ha kontroll på dette her, burde vel strengt tatt vore norsklærerane. Set ein dette grundig på spissen, kan ein trekke fram norsklærerane når ein ser at tunfisken plutselig blir farlig i vatn, og når mobilen din har garanti for å bli stjelt.

- Astronomer mot orddeling

The 4400

Lagt til 26.05.2005. Arkivert under: Film/TV

Du blir hekta etter det første kvarteret! lover Scott Peters, skaperen av TV-serien «The 4400». (..) «The 4400» har gått sin seiersgang i USA, England, Frankrike og Australia. Mystikkserier er in, og «The 4400» har likhetstrekk med TVNorge-suksessen «Lost» og Steven Spielbergs «Taken». – Saksa fra artikkelen “TV3 sender suksess-serie” i vg.no.

Etter å ha fått nyss om denne serien, var eg rett og slett nødt til å sjå kva dette var for no. Dermed gjekk eg til anskaffelse av dei episodane som er komt ut. Etter å ha sett dei tre første sitter eg igjen med blanda følelsar. Det var ein litt merkelig historie, men som tok seg opp etterkvart, og som forhåpentligvis vil ta seg enda meir opp . Eg trur eg kommer til å fortsette å følge med på dette. Men så langt kan det ikkje måla seg med Lost. Har lest at det skal ta seg opp etterkvart, og då kan det virkelig bli bra. Serien har forøvrig premiere på tv3 idag.

Liverpool vant champions league!

Lagt til 26.05.2005. Arkivert under: Generelt

Etter ein horribel førsteomgang, der Liverpool ligger under 0-3, klarte dei det utrulige. Å snu 0-3 til 3-3 iløpet av 6 minutt mot AC Milan er greitt. Og da å vinne straffesparkkonkurransen 3-2 etterpå er også greitt. Schevchenko hadde ein enorm dobbelsjanse som han mirakuløst klarte å treffe Dudek i siste minutt i andre ekstraomgang. Veien til helt var pigade ikkje lang for Dudek. Ein god fotballkamp.

You’ll never walk alone!

Spennande sesongavslutningar

Lagt til 24.05.2005. Arkivert under: Film/TV

Lost

Dei to mest populære tv-seriane i USA går mot slutten av sine første sesongar. Både Desperate housewives og Lost har kun èin episode igjen, eller Lost kjører ein dobbelepisode som sesongavslutning. For dykk som følger med på henholdsvis tv2 og TV-Norge er det enda eit par veker igjen før desse to godseriane går mot slutten. Eg blei tidlig bitt av Lost-basillen, og har stort sett vore det sidan eg såg 14 episodar på 2 dagar her i vinter. På onsdag går sesongavslutninga av LostABC i Usa. Tidlig neste dag (I 4-tida) vil serien bli å finna ute på det store grufulle internettet. Desperate housewives sendes på søndagar over der, og vil da bli tilgjengelig for oss nordmenn på mandag.

Eg har sett til og med episode 23 i begge dei respektive seriane, og må innrømme at det blir stadig bedre mot slutten av sesongane. Dykk som har litt igjen, har altså spennande tider i møte. Som ei avslutning må eg tilføye at Lost er hakket vassare enn Desperate housewives i mine auge. Då får ein bare glede seg til torsdag, samtidig som ein må få med seg kva som skjer i Wisteria Lane på mandag.

Lost er blitt utrulig populært, og det er komt opp utallige sider på nettet. Det er et drøss i forum, der sjåarar diskuterer forskjellige teoriar, karakterene, kva som kom til å skje neste gang osv. Det er forum for dei som følger med i USA, og dei som følger med på TV-Norge, slik at ein ikkje plutselig får vite mykje ein egentlig ikkje ville vite. Den største norske sida er truleg lost-norge.net.

Vennligst unngå spoilers ved kommentering.

Eksperimentering

Lagt til 24.05.2005. Arkivert under: Generelt Om sida

Etter endt datateknikkeksamen, var det igjen litt tid for eksperimentering med bloggen min. Har prøvd litt nye fargar og lagt til permalinks. Kommer til å utforske fargevalg og eventuelle nyvinningar ikveld, då det ikkje skal bli eksamenslesing :–)

Nå skal eg prøve å sjå koss ryggen fungere med ei beachøkt i beachhallen. Ryggen streika plutselig på trening for ca ei veke si, og har egentlig ikkje vore så god i etterkant, men det er vel bare til å kjøre på og det fikser seg?