Smoothie

Lagt til 07.02.2010. Arkivert under: Mat og drikke


Slit du med å motivere deg til å ete ein skikkelig frokost? Eller treng du kanskje eit godt mellommåltid? Da kan ein smoothie være midt i blinken. Du har kanskje ein gammal blender som står og støver ned ein eller anna plass. Finn den fram, sleng oppi alt mulig rart – og du har eit sunt og godt lite måltid.

I Søndre Skogveien er det til nå prøvd forskjellige kombinasjonar av yoghurt, appelsin, kiwi, cottage cheese, skogsbær, blåbær, egg, ananas, havregryn, proteinpulver og banan. Stort sett med stor suksess.

Det kan være lurt å starte med å ha yoghurt i. Det er  den som danner grunnlaget. Ellers er det fritt fram for å prøve seg fram kva gjeld innhold og mengde.

For dei som er i tvil, kan du her sjå kva som står om smoothie på Wikipedia.

En smoothie er en kald og søt drikk laget av fersk frukt og fruktjuice som er kjørt i en blender sammen med knust is, frosne fruktbiter eller yoghurt. Smoothies minner mye om milkshakes i konsistensen, men inneholder normalt ikke melk eller iskrem. Smoothies er ofte markedsført mot helsebevisste konsumenter.


Eit tips er å lage smoothien kvelden før, slik at ein morningen etter slepp alt “stresset” med å lage det klart. Da er det bare å åpne kjøleskapet og nyte ein kald og god smoothie med mykje næring.

Dette var første gang eg har prøvd denne typen smoothie, og eg kan fint anbefale folk å prøve dette. Eg gir den totale opplevelsen ein femmer på terningen.

OL i Vancouver dag for dag

Lagt til 06.02.2010. Arkivert under: Generelt


Nå nærmer det seg OL i Vancouver med store skritt. Det er bare seks dagar til åpningssermonien. Det fine er at NRK og nrk.no skal vise alt. Det meste av OL vil gå mellom 1900-0000 norsk tid. I alle fall alle øvelsane som har norske medaljehåp.

Nina Farstad i NRK har laga ein dag-for-dag oversikt over OL. Eg tok meg den frihet og saksa programmet inn her. For dei som har lyst å skrive ut programmet, har eg laga ein utskriftsvennlig pdf-versjon.

Les heile artikkelen »

JazPiper D64U

Lagt til 04.02.2010. Arkivert under: Teknologi Testar


I den store flyttesjauen fant eg ein tidligare trofast kamerat – min første mp3-spelar! Eg hugser det var tidlig på 00-tallet eg gjekk til innkjøp av denne moderne speledåsen. Den hadde 64mb innebygd minne, og når eg i tillegg slo til å handla et usaklig dyrt minnekort på 128mb, fekk eg heile 192mb å rutte med. Det ga faktisk rundt 50 songar. Det var ufattelig å tenke på at ein kunne ha musikk tilsvarande fleire cd-plater innpå.

Herligheten hadde navnet JazPiper D64U. Etter litt googling fant eg ein gammal test frå hardware.no. Der kan du bl.a lese at den har følgande spesifikasjonar:

  • 64 MB innebygget minne
  • Støtter smartmedia minne på 16/32/64/128 MB
  • Støtter kun MP3
  • 4 Mbps overføringshastighet – USB
  • LCD display uten lys
  • 5 equalizer-forhåndsinnstillinger (Normal, Pop, Jazz, Classic, Rock)
  • 2 stk AAA – batterier – Levetid 9-10 timer avspilling
  • Størrelse: 59 x 88 x 17 mm
  • Vekt: 66 g uten batterier

Hva sier du til 3 timer med musikk i skjorte-lomma uten at det er synlig? Dette er nemlig en realitet med denne spilleren, og med en tykkelse på under 2 cm er den meget diskré. 10 timer med sammenhengende avspilling uten å bytte batteri må også sies å være ganske bra.

Det som er litt trist er at eg ikkje har funne kabel og/eller funksjonibel minnekortlesar. Dermed har eg ikkje muligheten til å finne ut kva fantastiske hits som gjekk gjennom øyreproppane på den tida.

Volleyball

Lagt til 02.02.2010. Arkivert under: Volleyball

Volleyball. Det var volleyball som fekk flest stemmer i undersøkelsen min om kva eg skulle skrive om. Derfor tar eg her ansvar og skriv eit innlegg om nettopp volleyball. Idretten som opptar mykje av fritida mi har ikkje fått all verdens med spalteplass her i det siste. Eg ser tilbake på blogginnlegg frå eit par-tre-fire år sidan og ser at eg nokså hyppig la ut oppdateringar på kva som skjedde i ymse idrettshallar rundt omkring. Kva har skjedd? Eg byrjar vel å bli gammal. Eg er tross alt kun ètt år yngre enn bestefar.

Eg har denne sesongen hatt gleden av å spele på norges beste volleyballag. Eg er utrulig imponert over bredden i Nyborg. Ein kan så og sei bytte ut heile førsteoppstillinga uten å bli nevneverdig svekka. Det er svært sjeldent i norsk volleyball. Lag er som oftest avhengig av èin eller to nøkkelspelerar.

Den 9. januar i år tok eg mitt første NM-gull for senior. Det var etter å ha vunne cupfinalen 3-0 mot gamle lagkameratar i eit flott arrangement i Randaberghallen. Når det gjeld NM-gull for junior, heng dei litt lausare. Dei kom overraskande tett i gamle dagar. I perioden 1999 – 2003 fekk eg med meg seks NM-gull. Om eg ikkje hugser heilt feil, kunne det med litt marginer på vår side fort blitt eit par til.

For ei god tid tilbake fekk eg ei  flott bok av ein særs likandes kar. Mykje av boka handla om å lage lister. Derfor mimrar eg tilbake, og lager ei liste over NM-gulla mine:

  • 1999: NM Kretslag 17 år
  • 2000: NM Junior 17 år
  • 2000: NM Kretslag 17 år
  • 2001: NM for VGS
  • 2002: NM Kretslag 18 år
  • 2003: NM Beach u20
  • 2010: NM Senior

Med årets gull fra 2010, kan eg nå “skryte” på meg å ha NM-gull frå tre forskjellige tiår. Litt usikker på om det er stilig, men uansett.

I etterkant av cupfinalen kom det et meget hyggelig besøk på døra i Bergen. Det var rett og slett ein blomstermann med ein stor og flott blomsterbukett. Dei var sendt fra Suldal Kommune v/ Torkel Myklebust. Takk Torkel!

Ellers er det nå 8 kampar igjen i serien. Der har me has på seriegullet, men det skal ikkje meir enn eit lite feilskjær før Førde er à poeng eller forbi. Så her er det viktig å holde kvaliteten oppe heilt til siste slutt!

Sand

Lagt til 30.01.2010. Arkivert under: Generelt

Det er ca ein månad sidan eg var heime og feirte jul. Det er alltid like herlig og avslappande å kome heim. I jula fekk eg gjort akkurat det ein skal gjere i jula. Eg kjenne eg gler meg til neste gong eg skal til Sand. Enten det er jul, påske, sommar, haust eller vinter – det er alltid noko magisk med å kome heim.

På Wikipedia kan ein bl.a lese følgande om heimstaden min:

Sand er kommunesenteret i Suldal kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Tettstaden har 1 126 innbyggjarar (2009). Tettstaden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. På staden er det mellom anna kulturhus og hotell. Sand kyrkje frå 1852 ligg her.
Hovudsetet til Ryfylkemuseet ligg på Sand. Det er ferjesamband over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46.

Ein skal alltid ta utrulig mykje bilder i jula. Du skal knipse alt. Absolutt alt. Derfor kan eg her visa fram 24 bilete fra ein flott tur ned i “Gatå” i romjula.

Tennis!

Lagt til 21.01.2010. Arkivert under: Generelt

Roger Federer - 1/2 finale de Roland Garros 2009 - semi final - tennis french open
Creative Commons License photo credit: y.caradec

I et eller anna svakt øyeblikk i løpet av fjoråret gjekk eg til innkjøp av ein tennisracket. Den er av typen Wilson – Roger Federer edition. I utsjånad ser den strålandes lik ut den Roger bruker på bilete ovanfor. I følge mannen i butikken var det denne som var greiene for ein nybyrjar. Takk for det.

Bakgrunnen for dette obskøne innkjøpet, er at trangen for å prøve nye stilige idrettar bare blir større med åra. I tillegg skal det nemnas at Schei var ein stor pådrivar her. Han har nemlig store planar om å melde oss inn i ymse tennisklubbar. Tennis er ein slik idrett du kan drive for alltid. Det kan væra både hysterisk slitsomt, men også ganske avslappande. Tanken er å kunne meistre å spele tennis slik at eg kan ha noko å gjere på når eg blir ekstra eldre.

Den einaste erfaringa eg har frå tennis er å bli knust sønder og samen av Bjarte på Kreta ein gong for utruleg lenge sidan. Me får sjå. Eg var skremmande nære å få prøve ut racketen i fjor. Nå er målet å faktisk prøve å spele tennis i løpet av 2010.